AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit litt for intelligent utspel?
Det gamle munnhellet som seier at tida for mirakel ikkje er forbi, blir tidt og ofte prova i bridgen. Trond Stafne frå Støren har fortald om eit usedvanleg mirakuløst spel frå 3. divisjon.
 
Fyrst ei oppgåve:

 
E kn 10 7 6 5
kn 4
K kn
10 7 6
 
D 9 8
E 5
D 8 6 3
D 9 8 4
 
VestNordØstSyd
HagestuenStafne
1 sppass2 hj
pass2 sppass3 kl
pass3 hjpass4 gr
pass5 rupass6 hj
passpasspass


Detaljane i meldingsforlaupet er ikkje kjende, men dei er heller ikkje vesentlege – det gjekk i praksis om lag som skissert over. Du sit i aust, og mot 6 spar byrjar makkeren din med ei norsk spar to. Speleførar bed om knekten frå bordet. Kva legg du?
 
Korleis kan denne fargen sitja? Etter standardreglane for norske utspel er det eigentleg berre tre kombinasjonar i spar vest kan ha: singelton, kongen tredje eller tre småe. Har han singelton, spelar det inga rolle kva du gjer. Kan han eigentleg ha kongen tredje? Kva slags speleførar finn på å leggje spar knekt i bordet med liten singelton på handa, for slik å miste eit sparstikk på direkten i tillegg til at trumf ess manglar? Det verkar utelukka. Men har vest tre småe spar, kan det vera livsviktig at vi legg liten, slik at ikkje heile sparleksa i bordet står. Bordet er jo svært inntaksfattig, og sør kjem til å få vanskar med å godspela sparen om vi sparar på dama vår.
 
Slik tenkte aust, og liten spar vart lagt. Dimed var ein stein daud slem heime!

 
E kn 10 7 6 5
kn 4
K kn
10 7 6
 
K 2
7 6 3 2
10 7 5 4 2
3 2
D 9 8
E 5
D 8 6 3
D 9 8 4
 
4 3
K D 10 9 8
E 9
E K kn 5
 

 
Hadde det hjelpt om eg sa at makkeren din var Kjell Helmersen? Denne trønderske godklumpen er kjend for kreative variantar. «Trikset» han prøvde her er for så vidt ikkje ukjent: Liten ut frå kongen dobbel (typisk i opningsfargen i bordet) kan i mange tilfelle lure speleførar til stikke med esset i staden for å ta ein finesse som går.
 
Men slik vart det altså ikkje denne gongen. Stafne hadde absolutt ingenting å spela på i 6 hjarter, og trudde nok at å leggje spar knekt var beste sjanse for å unngå fleire beit i kontrakten.
 
Slike «intelligente» utspel som Helmersen fann her, er risikable fordi makker ikkje alltid greier å skjøna teikninga. Dimed må vel Helmersen ta hovudansvaret for fadesen sjølv. Men: Aust skulle kanskje vurdert moglegheita for at sparen sat akkurat som han gjorde? Eg vågar å hevde at utspel frå kongen dobbel i opningsfargen i bordet er eit nesten meir vanleg utspel enn spar ut frå tre småe, som verkar svært lite aktuelt når bordet har opna i 1 spar.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger