AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Mystiske ting
Før siste kamp i 1. divisjon var det enno spenning; både lag Charlsen og lag Johansen kunne vinne. Men då Charlsen harva over lag Aaseng – berre beit i ein litt for hardmeldt slem i siste spel hindra dei i å ta 20 VP – hadde Johansen ingen sjanse. Vekas spel er eit interessant kasus frå oppgjeret Charlsen–Aaseng. Men kva som eigentleg skjedde ved borda her, er noko av eit mysterium. 

 
D 8 3 2
K 10 8 7 4 3
8 6
K
 
 
E kn
9 5 2
K 7 4
E D kn 9 3
 
 
VestNordØstSyd
HoftaniskaCharlsen
1 gr
pass2 kl1)2 rupass
pass3 sp2)pass4 hj
passpasspass
1) Stayman
2) Fire spar og fem eller fleire hjarter


Sei at du sit i sør og skal spela 4 hjarter etter ruter knekt ut til esset, og ruter to attende til kongen, som feller tiaren i vest. Korleis planlegg du spelet?
 
Det ser jo ikkje så verst ut, dette. Du kan kanskje sleppe unna sparkappen på grunn av den feite kløveren din, så fyrste pri ser altså ut til å vera å unngå tre trumftaparar.
 
Du dreg ein hjarter, og det einaste interessante er no om vest legg lågt, altså seksaren. Det verkar normalt å be om kongen. Det er einaste sjanse om ein treng fem stikk i sorten, og forresten er det jo ikkje så hyggeleg å sleppe aust inn.
 
Toler ein to hjartertaparar, er det isolert sett best å leggje tiaren, for å unngå tre taparar om aust skulle ha essen singel. Her er det litt usikkert om ein toler éin eller to hjartertaparar; det kjem jo an på om det blir ein andre sidetapar. Det som er sikkert, er at ein ikkje toler tre hjartertaparar.
 
Ein har mykje informasjon som tyder på at vest byrja med dobbel ruter. Det inneber at ein stor risiko ved å spela hjarter til kongen, er at aust, med ess, dame eller ess, knekt dobbel i hjarter, vil kunne gje vest eit tredje trumfstikk ved å spela ein tredje ruterrunde.
 
Slik det sit, må du spela hjarter til tiaren for å vinne:

 
D 8 3 2
K 10 8 7 4 3
8 6
K
 
K 10 7 6 5 4
kn 6
kn 10
10 5 2
9
E D
E D 9 5 3 2
8 7 6 4
 
E kn
9 5 2
K 7 4
E D kn 9 3
 

 
Om du legg hjarter konge, vil aust vinne og straks beite deg ved å spela ny ruter. Om du greier å leggje tiaren og aust skifter spar, er du i ein ekkel situasjon, men aktuelt vinn du ved å stikke opp og spela ny trumf eller eit skred av kløver. Det spørst om du trur at aust kan finne på å skifte spar frå kongen i denne possen.
 
Ved bordet vart det heile litt kuriøst, då aust i staden for ny ruter – eller spar – skifte kløver inne på ruter ess. Dårleg motspel, kan ein hevde, men sparskift er såpass suspekt at speleførar fort stikk og vinn kontrakten, og forresten skulle prøva syne seg vanskeleg også med kløverskift: Det fyrste Charlsen gjorde etter å ha vunne kløveren i bordet, var å dra ruter til kongen og hjarter til kongen! Dimed var han beit, men aust kan ikkje ha spela ny ruter, for det står på Realbridge at resultatet vart 4 hjarter med ti stikk. Diverre har operatøren gått glipp av poenget i spelet; vi får ikkje sjå i rekapituleringa kva aust faktisk spela (skifter han spar, må jo Charlsen òg gjera rett, som nemnd).
 
På det andre bordet vart resultatet 4 hjarter med beit, men det er like mystisk kva som gjekk føre seg der. Sør opna 1 grand, Geir Helgemo i vest melde inn 2 spar, og nord avslutta med 4 hjarter. No kom det sjølvsagt spar ut frå Christian Bakke, stukke med esset, før speleførar drog kløver ess og ytterlegare to høge kløver med avkast av to ruter. No hjarter, og ifylgje Realbridge la nord granngiveleg hjarter ti, som han må om ikkje ein fjerde kløver frå aust skal gje vest stikk på hjarter knekt. Inne på hjarter dame spela aust ganske riktig kløver, og vest la hjarter knekt, men nord stal tilsynelatande ikkje over med kongen! Kan det ha vore at han eigentleg la hjarter konge i fyrste trumfrunde, men at operatøren ikkje fekk det med seg? I rekneskapen står det 4 hjarter med beit.
 
Her må hovud rulle, anten mellom operatørane eller spelarane. Det som er sikkert, er at lag Charlsen vann både spelet, kampen og seriemeisterskapen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger