AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fyrste og siste sjanse
Ein hendig motspelsglipp skulle koste aust dyrt i denne vekas spel frå European Winter Games i Tignes i Frankrike. Hadde du gjort det betre?  

 
E 9 2
D 4 2
D 8 6
kn 8 3 2
 
3
K 10 9 3
E K 3
E K D 6 5
 
VestNordØstSyd
MarinovskiGolebiowskiZoricMarcinowski
passpass1 kl4 sp
passpassdblpass
passpass


Ut mot 4 spar dobla spelar makker kløver ti, som han får for. I neste stikk fylgjer kløver ni, dekt av knekten i bordet og dama di. Sør fylgjer med nok ein liten kløver. Kva no?
 
Tilsynelatande har du god kontroll på dette, då du stoppar alle fargane bortsett frå trumfen. I spar har speleførar venteleg sju eller åtte stikk. Så kan han sjølvsagt ha hjarter ess, og på ein dårleg dag har han også hjarter knekt. Skulle han ha åtte sparstikk og to hjarterstikk, er det lite du kan gjera, men om han har berre sju spar i tillegg til ess og knekt i hjarter, blir det vel framleis beit?
 
Det er jo freistande å prøve å få fremja noko i spar hjå makker med ein tredje kløverrunde – kanskje dama dobbel, til dømes?
 
Slik tenkte nok aust i oppgjeret mellom Kroatia og det polske lag AZS Wratislawia, to lag som båe gjekk til sluttspelet i tevlinga, sistnemnde etter å ha vunne grunnspelet samanlagt. Kroaten spela altså ein tredje kløver.
 
Det skulle han få angre bittert på, då heile spelet såg slik ut:

 
E 9 2
D 4 2
D 8 6
kn 8 3 2
 
7 6
8 7 6
kn 10 9 5 4 2
10 9
3
K 10 9 3
E K 3
E K D 6 5
 
K D kn 10 8 5 4
E kn 5
7
7 4
 


Piotr Marcinowski i sør stal høgt, spela spar til esset og hjarter til knekten som stod. Deretter smelte han i veg eit skred av spar.
 
Eit gamalt munnhell seier at det er umogleg å halde rett mot ein sjukortsfarge, det stemmer ikkje alltid, men her var det slik: På den siste sparen går bordet ned til dama dobbel i hjarter og dama singel i ruter, og aust er ubønhøyrleg skvisa. Han blanka ruter konge, og vart til slutt sett inn på denne kongen for å måtte avslutte med hjarter opp i den kombinerte saksa.
 
Medisinen mot denne triste lagnaden? Å ta ein ruterhonnør i tredje stikk. Men vel å merke berre éin – aust er altså avhengig av å få eit leseleg fordelingskast frå vest under ruterhonnøren. Deretter attende til kløver, og så lenge aust ikkje blir pølseskvisa, er beita sikker i hjarter.
 
På det andre bordet valde vest etter same innleiing på meldingsforlaupet å melde 5 ruter, som gjekk ei udobla sonebeit. 10 IMP til polakkane, som vann kampen klårt.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger