Parturnering!

Det er av sine eigne man skal ha det, vert det sagt. I nedanståande spel stemmer det meir enn nokon gong ellers. I haust og vinter deltok eg i Bergens Mesterskapet for lag saman med mellom anna Hilde Larsen, kaptein, og Trine Haug. To hyggelege damer som kan sine saker. Her ein kveld var vi samla på BBO der eg spelte med Trine, og Hilde med Finn Øvstedal. I spel 8 var vest gjevar og ingen i sona. Makker og meg hadde desse korta Nord/Syd:

spar

E K 3
hjerter E D kn 7
ruter D kn 9
kløver 7 6 5

spar

D 8 7 2
hjerter 10 4 3
ruter E K
kløver E kn 9 3

Meldingane var fort unnagjort:

vest
nord
øst
syd
Finn Øvstedal

Trine
Haug

Hilde Larsen

Oddmund Midtbø

 

Utspel kløver kongen frå Hilde i aust.

Vareopptellinga viser at det er 11 stikk om hjerter kongen sit i kapp. Men Trine fann fort ut at det blir fort 12 om Hilde hadde KD10x i kløver. Makker stakk med kløver ess og tok hjerterfinessa som gjekk bra (Finn gjekk på med kongen når 10'en vart spelt frå bordet). Makker spelte så ny kløver mot bordet og la 9'en når Hilde la liten. Finn kom inn og spelte ruter. Inne på handa tok makker med seg 2 rundar spar og såg at Hilde opprinneleg hadde fem av slaget, før ho spelte ny kløver mot knekten som no skulle gje stikk. Trudde makker!! :-) Men der fekk ho hakeslepp, for Hilde var renons og Finn i Vest fekk to kløverstikk. Dermed enda makker opp med 9 stikk i staden for 11.

 

spar

E K 3  
hjerter E D kn 7
ruter D kn 9
kløver 7 6 5
spar kn

spar

10 9 6 5 4
hjerter K 9 5 hjerter 8 6 2
ruter 10 8 7 5 4 ruter 6 3 2
kløver D 10 8 2 kløver K 4
 

spar

D 8 7 2  
hjerter 10 4 3
ruter E K
kløver E kn 9 3

Men eg vil ikkje klandre makker på nokon måte for å prøve på det tolvte stikket. "Har du sjansen så grip den," sa visstnok ein vis mann. Sjansane for 12 stikk skulle normalt vere gode med det utspelet makker fekk.

Det må for øvrig nemnast at eg har spurt fleire om korleis dei ville spele denne kontrakta, og svara er eintydige: Særskilt i parturnering spelar du på at utspelar har KD10x eller fleire småkort i tillegg. "Salen" får 11 stikk med vellukka hjerterfinesse, dermed får du 12 om du ser kva "rette" kløverfordeling kan gje deg. Så Trine, ikkje ha dårleg samvit for speleføringa, mange hadde gjort som deg. Det er heller inga hjelp i å stikke med kløver knekt i andre kløverrunde, Finn kjem inn og frir seg med eit kort. Kløvrane på handa vert aldri borte så lenge sparen sit så skeivt som den gjer. Så "straffa" for å sjå ei ekstra sjanse for ein topp vart hard, men i staden for å irritere seg grønn av den grunn, er det betre å skryte av unge lovande fru Larsen for fantasifullt utspel som vart fantastisk godt for deira side.

(Når kløver 10 ikke sitter foran, er Trine nede på 11 stikk, som salen. Derfor bør hun nok på dette tidspunkt ta de røde stikkene sine: Om Hilde opprinnelig hadde KDxx i kløver, vil hun være skvist i svart. Aktuelt sitter det ikke slik, men hjerteren brekker, og Trine garderer seg mot en Hilde i det kreative hjørnet og får 11 stikk likevel. Vil du se posisjonen, se her. Red.)

Men det kjem vel fleire kveldar på BBO, eg seier ikkje meir......:-)

Helsing Oddmund Midtbø, Hauglandshella

Har du en artig historie fra klubbkvelden? Send en mail og få det som Ukens spill!

Hilsen Marianne