AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Noreg i toppform
Denne tysdagen vart ein flott bridgedag sett med norske augo. Det triste var at vi ikkje ein einaste gong fekk sjå eit norsk lag på BBO, men resultata har vore oppløftande.
 
Situasjonen i det fire speledagar står att, er fylgjande: I open klasse ligg Noreg på 2. plass, marginalt bak Russland, men med eit heilt kobbel av lag hakk i hæl. I dameklassa toppar Noreg lista framfor Sverige og Polen, men også her er det jamt. I veteranklassa ligg Noreg på 3. plass, ca. 15 VP bak Frankrike og 4 VP bak Irland. Men det er nesten 20 VP ned til Israel på 4. plass.
 
Laget i open klasse byrja dagen mot Kroatia, og her låg det an til å kunne bli endå fleire enn dei 12,55 vinnarpoenga Noreg aktuelt fekk. Men det var fart i korta, mykje kunne skje, og dei store sifra fauk veggimellom. Mellom anna melde kroatane ein temmeleg tvilsam soneslem som fauk i hus, som ikkje vart meldt av Noreg. 16,26 VP mot våre finske grannar var eit meir tilfredsstillande resultat. Her var det eigentleg berre eitt stort spel, omtala lenger nede, som ikkje gjekk Noregs veg. På det siste spelet fekk Brogeland spela 4 hjarter udobla på nikortsfargen sin, der finnane hadde 6 spar i korta! Mot Livgård–Aa måtte finnane derimot stampe i 7 hjarter, som kosta 1100. Dagens siste kamp mot Tsjekkia vart den aller beste, Noreg byrja med 10, 10, 10 og 13 IMP på dei fire fyrste spela, og såg seg ikkje attende. Til slutt stod det 20–0 i VP.
 
Også for damene vart det ein fin dag. Dei byrja med 15,56 VP mot veike Spania, fylgde opp med 14,80 VP mot normalt sterke Frankrike, og avslutta med eit marginalt tap, 8,80 VP, mot Israel.
 
Seniorane var ikkje mykje dårlegare. Etter eit lite tap mot mediokre Tyrkia i fyrste kamp, 7,97 VP, fylgde dei opp med 17,72 mot veikt plasserte Tyskland, og så uavgjort mot Irland, som altså for augneblinken ligg plassen framfor Noreg.
 
Noregs kamp mot Finland gjekk som sagt i gleda til slutt, og det var ikkje mange IMP Noreg betalte ut her. Men tradisjonen tru på ein hyggeleg dag som denne, vel vi å trekkje fram eit av dei fåe spela som ikkje gjekk så bra for Noreg. Det var riktig nok mest interessant i kampen eg fylgde på BBO, mellom Ungarn og Island, der det baud på ein fin sjanse for å utvise godt «safety play».

 
Kn 10
8 7 6
6 4 3 2
Kn 5 4 3
 
9 7 3 2
E K D Kn 4
D 10 9
6
D 4
10 9 3 2
K 8 7 5
8 7 2
 
E K 8 6 5
5
E Kn
E K D 10 9
 


Her spela både finnane og Noregs Allan Livgård kontrakten 4 spar i sør, båe med hjarter ess ut. Finnen fekk ti stikk, Livgård berre sju! Det kan jo verke veldig underleg, men er i grunnen ikkje så rart: Etter to gonger hjarter ut til steling, vinn ein kontrakten ved å spela kløver til knekten og ta sparfinessen. Ein får då kontroll på trumfen. Faren ved det er at kløverspelet etablerer moglegheit for steling for motparten, om då spar knekt tapar til dama. Livgård la ned ess, konge og ein tridje spar, i von om å finne sparen 3–3, noko som enda i totalt havari slik det aktuelt sat. Han har, vel å merkje, innrømt at han spela dårleg, at det nok er betre å satse på sparfinessen.
 
I den spennande kampen mellom Ungarn og Island vart spelet butt. På det eine bordet gjekk Ungarn beit i 6 kløver, som må seiast å verre ein for hard kontrakt. Det må sitja så fint at du blir kvitt tri ruter i bordet på sparen, altså må du i praksis ha spar dame tridje i kapp, og slik sat det jo ikkje denne gongen.
 
På det andre bordet stogga Island fornuftig i 5 kløver, men sanneleg vart det beit der òg! BBO-operatøren ramla av og fekk ikkje med seg heile speleføringa (noko eg synst har skjedd irriterande ofte i overføringane frå EM), men speleførar må ha satsa på å leggje ned ess og konge i spar, og så stela god sparen. Då går det gale slik det sit: Når aust har utstyrt seg med dobbel spar og tri kløver, der to er høgare enn dei lægste i bordet, får ein berre høve til å stela éin spar, og den må ein stela med knekten. Så sit ein att med ein sparfarge som ikkje er godspela, der ein altså må gje bort eit stikk, og har heller inga parkering for bordets ruter.
 
Løysinga er såre enkel: Etter to gonger hjarter til steling, og så lenge trumfen ikkje sit 4–0, er kontrakten i boks så lenge sparen gjev tri ruteravkast i bordet. Etter tri rundar trumf kan ein faktisk godt spela liten spar frå handa: Aust får for spar dame, men ein får uansett teke spar ti, spela seg inn på handa på ruter ess eller med ei hjartersteling (avhengig av kva aust returnerer inne på spar dame), og så kasta tri ruter på tri store spar. Men det er sjølvsagt betre å vinne den tridje trumfrunden med knekten i bordet, og så segle spar knekt, slik at ein får tolv stikk om spar dame sat tridje framfor. Det blir problem om sparen sit 5–1 eller 6–0 (då slit ein uansett), men å gå beit når korta trass alt oppførde seg så pent som dei aktuelt gjorde, må seiast å vera pinleg for islendingen.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger