AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Duka for thrilleraktig EM-avslutning
Etter mange lange dagar i Ostende, står no berre éin speledag og tri kampar att i EM. Noreg er i svært spennande posisjon i alle tri klasser, og det må vera lov å bli skuffa om det ikkje blir minst éin norsk medalje.
 
I open klasse vart det ein god dag i dag. Noreg byrja med 13,28 VP mot Danmark, etter ein kamp med mange IMP i sving. Det byrja bra då Brogeland–Lindqvist melde og vann ein hard 3 grand i fyrste spel, og fortsette endå betre, då Tundal vann ein 4 spar som dansken gjekk beit i. Så vart det ein del ut, men ein hard slem av Brogeland–Lindqvist, og ein endå hardare soneutgang av Tundal–Kvangraven, gjorde at Noreg trekte det lengste strået til slutt.

Mot Austerrike gjekk færre IMP ut. Ei rekkje småsvingar inn, pluss eit spel der Brogeland–Lindqvist fekk vinne 2 ruter dobla medan Livgård–Aa melde og vann 4 hjarter, var nok til 15,56 VP i kampen.

Frankrike i siste kamp var ein sterkare motstandar, men her vil eg hevde at Frankrike var heldige som fekk så mykje som 6,48 VP, medan Noreg tok 13,52. Noreg fekk tidleg 13 IMP inn fordi Tundal spela betre enn franske Lorenzini i ein ekkel 4 spar. Så presterte franskmennene å hamne i 5 hjarter på 4–3-tilpasning, heller enn den normale 4 spar-kontrakten på 6–2! På ein normal dag ville dette vore ein utgangssving inn for Noreg, men svært heldig sits berga franskmennene.

Mot slutten melde Tundal–Kvangraven ein heilt fin slem som franskmennene ikkje fann. Tundal satsa på den rette finessen, men tok han diverre feil veg, noko som nok var med oddsen – éi beit. Heldigvis var det Frankrikes tur til å gå beit i slem i siste spel, då Lindqvist fann det kritiske utspelet, og franske Rombaut valde feil i speleføringa.

Noreg overnattar på tridjeplass, berre 5 VP bak Israel og Russland, som ligg så å seia likt. Ned til Nederland på 4. plass er det 14 VP, og ned til den fæle plass nr. 9 heile 38 VP. Noreg kan ikkje kvile på laurbæra, i morgon ventar dei sterke motstandarane England, Tyskland og Italia. Men held den gode spelinga fram, kan det bli mykje å juble for.
 
I dameklassa må vi seia at det vart ein dag litt under pari. Det byrja med eit lite tap, 7,97 VP, mot sterke Polen. Dinest fylgde ein fin siger, 14,18 VP, mot mellomhavsfararen Tyrkia. Men 6,72 VP mot veikt plasserte Serbia var ikkje heilt bra. Likevel overnattar Noreg på 3. plass, nesten 30 VP bak Polen og 18 bak Sverige, og med 9 VP ned til Danmark på 4. plass, 21 VP ned til plass nr. 9. I morgon står ingen av dei beste, men heller ingen av dei aller dårlegaste laga på programmet. Held Noreg i korta mot høvesvis Skottland, Island og Estland, er det alle moglegheiter for medalje – sjølv om toget sannsynlegvis har gått for både sylv og gull.
 
I veteranklassa fekk Noreg ein dårleg start på dagen, med berre 2,41 VP mot aktuelle og velspelande svenskar. Heldigvis tok det seg opp med 15,38 VP mot Austerrike, og 15,56 VP mot Portugal. Noreg ligg no på 7. plass. Det er 12 VP opp til bronseplassen, berre marginalt meir til sylvplassen, medan Frankrike, med ei leiing på 36 VP, nok er ganske trygge på å vinne tevlinga. Med god speling kan det altså bli medalje på Noreg, men vel så viktig er det å ikkje falle ned på 9. plass, dit det for augneblinken er ca. 10 VP. På den plassen ligg no Bulgaria, som er Noregs fyrste motstandar i morgon. Dinest fylgjer veikt plasserte Spania, og til slutt mediokre Island. Det er altså moderat motstand, som det bør vera mogleg å plukke bra med poeng imot.
 
Før vi alle får ei god natts svevn før den viktige morgondagen, skal vi sjå på eit spel frå Noregs kamp mot Frankrike. Det var nok ikkje så vanskeleg for Espen Lindqvist, men kan tene som døme på korleis denne speleføraren stort sett alltid får med seg dei stikka som finst tilgjengelege. 

 
K 8 5
10 9 7 6 2
2
E 9 7 2
 
D 4 3 2
K D Kn 8 4 3
D 10
5
Kn 10 9 6
E 5
Kn 4 3
K 10 4 3
 
E 7
-
E K 9 8 7 6 5
D Kn 8 6
 
 
VestNordØstSyd
LorenziniBrogelandRombautLindqvist
passpass1 ru
1 hjpass1 sp2 kl
2 sp3 klpass5 kl
passpasspass


På det andre bordet valde Ulf Håkon Tundal i vest å hoppe inn med 2 hjarter over 1 ruter. Nord hadde inga melding, så det gjekk to passar før Thomas Bessis fann ei praktisk melding med 4 ruter. Makkeren Frederic Volcker lyfte til utgang. Med singel kløver ut måtte Bessis opp på esset i fyrste stikk, men den prøva greidde han, 400 på bok.
 
Aktuelt var det ein stor føremon å ha sjukortsfargen som trumf, for på 4–4-tilpasninga var det ein overhengande fare for å miste kontrollen. Idet hjarter konge kom ut til steling, var Jérôme Rombaut allereie lengre enn speleførar i trumf. Men Espen Lindqvist takla den utfordrande situasjonen oppskriftsmessig.
 
I andre stikk gjekk kløver knekt rundt til kongen. No kunne Rombaut ha beita kontrakten med makt, ved å skifte spar. Det øydelegg speleførars kommunikasjon. Men dette var vanskeleg å sjå, det verka naturleg å spela meir hjarter. Lindqvist måtte stela igjen, men han visste nok no at Rombaut neppe byrja med meir enn dobbelton hjarter, for med trikorts ville han fort ha støtta hjarteren direkte heller enn å melde 1 spar. Uansett er det no fort gjort å trø feil. Om ein freistar ta kløver knekt før ein stel god ruteren, vil 4–1-sitsen i trumf ta knekken på ein. Men Lindqvist heldt sjølvsagt på knekten, og spela ruter ess og ruter til steling. Deretter kunne han dra kløver til handa og halde fram med ståande ruter.
 
Aust kunne trumfe, men hadde som venta ikkje fleire hjarter. Han måtte spela spar, men spar konge i bordet gav høve til å ta ut den siste trumfen i aust, før spar ess vart inntak til resten av ruterleksa. 400 ut og buttspel, idet som fort kunne vorte eit tapsspel for Noreg.  
 
Då er det berre å gle seg til den store dagen i morgon. Lykke til, Noreg!

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger