AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Dagens spill fra VM (dag 6)
Mykje har gått vegen for dei norske damene så langt i VM. Oppgjeret mot Danmark i runde 17 var inkje unnatak. Noreg sette standarden med eit godt resultat allereie i fyrste spel. Men det var nære på at det gjekk gale, og kanskje kan ein heil kamp bli prega av det fyrste spelet?  
 
 
kn 9 7 6 5
D kn 9 7 3
8
E 7
 
E K D 4 2
5 2
E D 10 2
D 10
3
E 8 6 4
8 4 3
8 6 5 4 2
 
10 8
K 10
K kn 7 6 5
K kn 9 3
 
 
VestNordØstSyd
HeskjeHoulbergVistLund Madsen
pass1 gr1)
dbl2 ru2)passpass
dblrdblpass2 hj
passpassdblpass
passpass
1) 12-14
2) Éin- eller tofarga flukt
3) "SOS", bed om uttak
 
Rytmen på meldingsforlaupet vart slik at Heskje–Vist fekk straffedobla 2 hjarter – noko som riktig nok berre er gunstig om kontrakten går beit. 
 
Heskje fann læreboksutspelet av ein trumf. Ifylgje Deep Finesse er det trumf eller kløver (!) som teknisk sett beitar kontrakten. Då Vist stakk med esset, er vi teknisk sett attende på heimgang, utan at vi skal gå i djupnene på dette: Det var ikkje unaturleg å stikke og skifte spar. Heskje stakk og fann nok det beste motspelet då ho spela liten spar attende til steling hjå Vist, som no skifte ruter. Heskje vann knekten med dama, og skifte attende til hjarter.
 
Christina Lund Madsen drog no ein ruter til steling, og trekte Vists siste trumf. Sjølv kasta ho ein kløver, Heskje kasta ruter, og situasjonen var fylgjande: 
 
 
kn 9
D
-
E 7
 
E K
-
E
D 10
-
-
-
8 6 5 4 2
 
-
-
K 6
K kn 9
 
 
Nord–sør og aust–vest har teke fire stikk kvar. Lund Madsen veit at vest har att ess, konge i spar og ruter ess. Difor bør ho kanskje ta hjarter dame, og kaste den siste ruteren sin. Kastar vest no ein kløver, veit sør at kløveren vest fylgjer med under esset, er den siste ho har. Men fordi Heskje veit at sør må ha byrja med konge, knekt i kløver (viss ikkje har ho ikkje til opninga si), bør ho sjølvsagt kaste ein sparhonnør, og situasjonen blir for så vidt som han no vart.
 
Lund Madsen tok kløver ess før den siste trumfen, og spela kløver til knekten. Dimed kunne Heskje ta to sparstikk, for to beiter i kontrakten.
 
Spørsmålet er vel om Heskje ville ha dobla 1 grand utan kløver dame, altså med 15 honnørpoeng og ei temmeleg plausibel sparinnmelding. Det kan sjølvsagt hende. Men i tillegg skal ho altså ha hugsa å falsecarde kløver ti frå tiaren dobbel, noko ikkje alle alltid vil gjera. Hadde du greidd prøva?
 
Ei anna sak er at om du faktisk har tenkt å toppe kløveren viss tiaren kjem under esset, bør du halde fire kløver på handa, slik at du kan få eit overstikk i kontrakten.
 
På det andre bordet opna Liv Marit Grude i 1 ruter i sør, og Signe Buus Thomsen i vest valde å doble opplysande. Bodil Nyheim Øigarden melde 1 spar, aust passa, og Grude sa 2 kløver. No passa Thomsen, men då Øigarden preffa 2 ruter og aust «prebalanserte» med 2 hjarter, måtte Thomsen nesten ta ut i 2 spar. Ho slapp udobla, men kontrakten gjekk to beiter, for 9 IMP til Noreg.

Det kom fleire IMP, og kampen enda 46–18 til Noreg.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger