AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Dagens spill fra VM (dag 9 - kvartfinale dag 1)
Det norske laget i open klasse gjorde det eventyrleg bra fyrste dag i kvartfinalen mot Italia. Dei som var tidleg oppe, kunne mellom anna sjå Brogeland–Lindqvist trille heim to hårfine 3 grand-kontraktar – båe i sona – som italienarane ikkje var i nærleiken av på det andre bordet.  
 
 
E 9
D 8 6
9 8 2
K D 7 4 2
 
2
K 10 9 4 3 2
kn 10 7 6
9 5
D kn 6 4 3
kn 7
D 5
E kn 10 3
 
K 10 8 7 5
E 5
E K 4 3
8 6
 
 
VestNordØstSyd
SementaLindqvistBocchiBrogeland
1 sppass
1 grpasspassdbl
2 hj3 grpasspass
pass
 
På det andre bordet passa Versace i sør ut 1 grand, og Terje Aa fekk spela den kontrakten med to beiter. Boye Brogeland ville det annleis: Doblinga synte ei god hand med spar, som ikkje var eigna for å doble opplysande i fyrste omgang. Espen Lindqvist synte stor tillit til makker, ved å klaske til med inkje mindre enn 3 grand!
 
Norberto Bocchi byrja med hjarter knekt, som gjekk til liten, kongen og liten. Sementa skifte ruter ti, som gjekk til liten og esset. Espen spela no ein spar til esset og spar ni opp, og Bocchi gjorde nok sitt beste ved å leggje lågt. Men Espen trekte korta i rett rekkjefylgje også vidare, då han no spela hjarter til esset, og drog ein låg ruter frå bordet til dama. Fylgjande kort var at: 
 
 
-
D
9
K D 7 4 2
 
-
9 3 2
kn 7
9 5
D kn 6
-
-
E kn 10 3
 
K 10 8
-
K 4
8 6
 
 
Bocchi var altså inne, og var rimeleg fanga. Han prøvde seg med kløver knekt, som gjekk til kongen. Espen tok hjarter dame, og Bocchi måtte kaste spar. Så kom ein ruter, og kva skulle Bocchi kaste no? Det måtte bli ein kløver, men Espen hadde full teljing, og avslutta sjølvsagt med spar konge og spar, slik at Bocchi vart innspela og måtte la kløver dame bli kontraktstikket. 9 IMP til Noreg.
 
Kort tid etter kom dette spelet:  
 
 
K 7 6
D 9 5
kn 8 7 4
kn 9 3
 
10 9 8 2
8 7 6 3 2
D 10 9
7
E kn 4 3
K kn 10
K 3 2
D 8 6
 
D 5
E 4
E 6 5
E K 10 5 4 2
 
 
VestNordØstSyd
SementaLindqvistBocchiBrogeland
passpass1 kldbl
pass1 rupass1 gr
pass3 grpasspass
pass
 
På det andre bordet fekk aggressive norske sperremeldingar nok ein gong dribla motparten av banen, då Terje Aa opna i Ekrens 2 hjarter i vest, og Allan Livgård melde 2 grand som krav og spørsmål. Alfredo Versace dobla, men då Aa synte minimum med 3 kløver og Livgård la av i 3 spar, gjekk det pass rundt. I teorien står den kontrakten alltid, men italienarane fekk sjansen til å beite han. Det greidde dei ikkje, så Livgård noterte solide 140.
 
Dobling og så 1 grand frå Boye synte ei hand for god til å melde inn 1 grand i fyrste runde, og dimed var det lett for Lindqvist å leggje spelet i utgang. Problemet – med spar ti ut til dama – er at blindemann er heilt utan inntak. Boye hadde difor ikkje anna å gjera enn å dunke ned ess, konge og ein tridje kløver, og då Bocchi fann ruterskiftet, var kontrakten eigentleg ei iskald beit. Men Boye gjorde sitt beste ved å stikke fyrste ruter og byrja ta nokre langfargestikk – då er det utruleg kva som kan skje.
 
Bocchis fyrste avkast var hjarter knekt, det var greitt. På dei to neste kløverane kan han openbert ikkje kaste meir hjarter, og avkast av liten ruter vil òg leie til innspel. Han må kaste to spar, og bruke ruteren til å få Sementa inn for eit hjartergjennomspel. Men då han kasta ruter konge – og dette synst eg det var rart at han ikkje såg – oppstod ein prekær situasjon for forsvaret. 
 
 
K 7
D 9
kn 8
-
 
9 8 2
7
D 9
-
E kn 3
K 10
3
-
 
5
E 4
6 5
2
 
 
 
Legg merkje til at Sementa var tvungen til å halde tri spar og kaste seg ned på singel hjarter undervegs, viss ikkje kan Boye ganske enkelt godspela ruter knekt. No kom den siste kløveren i vinden, og Boye kasta heilt korrekt ein hjarter frå bordet. Kva skulle Bocchi gjera no? Hjarter kunne han ikkje kaste, då har sør to hjarterstikk, og kastar han ruter, kan han spelast inn i hjarter og måtte gje blindemann for spar konge. Han kasta ein spar, men no kunne Boye igjen spela ruter – forsvaret hadde inga beit å hente. Nye 600 på bok!
 
Dette lovar godt ikkje berre for kvartfinalen, men for semifinalen som vi no nesten forventar at Noreg kjem seg til.

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger