AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Dagens spill fra VM (dag 10 - kvartfinale dag 2)
Den friske stilen til dei norske damene var stor suksess i grunnspelet, men i kvartfinalen mot sterke Nederland vart det kan hende vel mykje humar og kanari. I fylgjande spel tippa det over i det humoristiske.  
 
 
E K 3 2
8 7 4 2
9 8 3
6 2
 
kn 10 5 4
D kn 3 2
D
kn 9 8 7
D 9 8
E 9 6
E 7
D 10 5 4 3
 
7 6
K 10
K kn 10 6 5 4 2
E K
 
 
Kva synst du om 3 grand på desse korta? Ikkje ein heilt ueffen kontrakt, eller? Han står til regel berre på rutervalet. Idet aust opnar i fyrstehand, er det fullt mogleg for sør å spela ruter til kongen, ettersom aust er favoritt til å ha esset. Andrew Robson, i Englands kvartfinale mot USA 1 i open klasse, var mellom dei som kom i 3 grand og greidde prøva. Han var endåtil dobla, og kunne notere valdsame 1150 for to overstikk.
 
Harding–Fuglestad kom i 3 grand den andre vegen! Då Ann Karin Fuglestad opna 1 kløver i aust, melde sør inn 3 ruter. Eg vonar at dette var ei konstruktiv melding, elles må det seiast å vera noko av ei undermelding. Undermelde gjorde så visst ikkje Marianne Harding, då ho dobla negativt! Kva skulle stakkars Fuglestad melde? 3 grand er ikkje hyggeleg, men det freistar ikkje særleg å gisse på å melde ein trikortsfarge heller. 3 grand vart valet, og då sør klinka i veg ruter konge i utspel, fanst det faktisk ikkje meir enn dei raude essa å få for speleførar. Sju beiter, 700 ut!
 
På det andre bordet gjekk Bodil Nyheim Øigarden roleg inn med 1 ruter, og vest dobla negativt. Då Liv Marit Grude valde å melde 1 spar heller enn å støtte ruteren, gjekk det doblar, 2 ruter frå Øigarden og pass rundt. Øigarden gissa ruteren rett, og fekk elleve stikk, men det vart uansett 11 IMP til Nederland på vegen deira mot avansement til semifinalen. Takk for alt, norske damer!
 
På herresida vart dette eitt av ganske mange spel på kvartfinalens andre dag som gjekk Italias veg, då Brogeland gissa ruteren feil i 3 grand. Vest hadde synt minst åtte majorkort, og ein del kort måtte han òg ha i kløver på grunn av utspelet av kløver ni, som lova ein honnør. Brogeland trudde nok på ruter ess i aust, men problemet er sjølvsagt at aust utmerkt godt kan ha ess, dame tridje. På det andre bordet vann Alfredo Versace same kontrakt. Men alt dette er «water under the bridge» no, då Noregs opne lag uansett skal spela semifinale!

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger