AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Misbrukt sjanse
For ei tid sidan sjikanerte underteikna ein tilfeldig finne for daddelverdig motspel i internettevlinga Nordic Friendship League. Denne veka, i eit spel frå same tevling, er rollene snudde på hovudet. Hadde du greidd deg betre enn eg gjorde i motspel? 

 
K 10 3
K 5 2
D 8 2
E D kn 7
 
D kn 9 4
kn 10 9
6 4
K 10 5 3
 
VestNordØstSyd
BårdsenSkjetne
1 kl1)pass1 hj2)
pass2 ru3)pass3 hj4)
pass4 hjpasspass
pass
1) Alle ubalanserte 12-16-hender, eller 15-17 balansert
2) 8-12, minst fire hjarter
3) Tri-fire hjarter, ikkje minimum
4) Ikkje krav


Eit merkeleg system, men den slags kjem ein jo borti både tidt og ofte, så ein får berre gjera det beste ut av det. Makker spelar ut spar seks, og speleførar bed om tiaren frå bordet. Overraskande får knekten vår vinne stikket, idet sør fylgjer med toaren. Kva skjer?
 
Sør har neppe lasjert sparen, så det er grunn til å tru at makker har underspela spar ess. Det ser jo svært bra ut. Korleis maksimere sjansen for beit?
 
Det er vanskeleg å seia så mykje om sitsen, men vi har god kontroll med den feite kløveren bakom bordet, så det hastar neppe med å gje makker for spar ess. Tvert imot vil vi helst ikkje setja opp spar konge til avkast av til dømes ein kløver frå handa. Speleførar reknar openbert med at vi har spar ess, så la oss heller sjå om vi på eitkvart vis kan utnytte villfaringa hans ytterlegare. Det verkar svært tilforlateleg å skifte ruter opp mot dette bordet, og vi treng ikkje gjera det vanskelegare enn det er, vi skifter ruter seks.
 
Speleførar fylgjer med femmaren, og makkers niar krev dama i bordet. Ein hjarter går til esset, liten hjå makker, før ein kløver går til seksaren hjå makker, dama i bordet og kongen hjå oss. Kva no?
 
I praksis spela eg kjapt endå ein ruter, då eg trudde at kløverhaldet mitt var nok til å kontrollere spelet. Men då var det over, då sitsen var som fylgjer:

 
K 10 3
K 5 2
D 8 2
E D kn 7
 
E 8 6
D 4
kn 9 7 3
9 8 6 2
D kn 9 4
kn 10 9
6 4
K 10 5 3
 
7 5 2
E 8 7 6 3
E K 10 5
4
 


Det andre sparstikket vårt forsvann! Sør kunne stikke med esset, spela hjarter til kongen og ta ess og knekt i kløver med avkast av to spar. Så fylgde ruter mot kongen, og eg med eit originalstikk i trumf hadde ingenting å tena på å stela. Speleførar fekk stole rutertaparen sin med den siste vesle trumfen i bordet.

Eg har prøvd å rettferdiggjera feilen min ved å hevde at det var vanskeleg å vita at makker hadde eit trumfstikk, slik at eg ikkje kunne sjå at beita var sikker. Kunne ikkje makker framleis hatt esset i ruter, altså ha lasjert den fyrste ruterrunden for ikkje å gje speleførar fargen «gratis»?
 
Nei. Etter ein så «flying start» som vi fekk på motspelet, er det utenkjeleg at makker skal fylgje opp med ein eller annan djup, spekulativ variant i ruter. Forresten må jo sør ha nokre honnørpoeng for 3 hjarter, kva enn den meldinga eigentleg tydde. Men ho var ikkje utgangskrav, og det vil seia at speleførar neppe kan ha fleire poeng enn ess, konge i ruter og hjarter ess. Altså har makker hjarter dame!
 
Då er jo saka opp- og avgjort i lagkamp: Vi ser at berre vi får for spar ess i tillegg til sparstikket og kløverstikket vi allereie har, må det bli beit, ettersom vi sit på eit trumfstikk.
 
Merk at med spar attende i andre stikk, er kontrakten nedlegg. At speleførar spela som han gjorde, er høgst forståeleg: Han plasserte spar ess hjå oss, og dimed er han heilt avhengig av å få eit sparavkast på kløveren. Med sparstyrken hjå oss er det jo praktisk og grei bridge å satse på kløverstyrken i vest, så kløver til dama var ikkje urimeleg.
 
Det var nok ikkje hyggeleg for min kjære makker å sjå at denne kontrakten fauk i hus, etter innertiaren av eit utspel. På det andre bordet vann Peter Marstrander–Kristian Barstad Ellingsen den same kontrakten utan vanskar spela i nord, etter trumf ut frå aust.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger