AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Flying start?
Det er berre å bøye seg i støvet for prestasjonen til Boye Brogeland og Espen Lindqvist i dei såkalla Winter Games i Monaco. Å fylgje med på dei var flott underhaldning gjennom heile vinterferieveka. Det var spennande til siste slutt, men nordmennene såg aldri ut til å la seg affektere av einskilde dårlege spel, og roa og rutinen førde dei heilt i mål.
 
Åttandedelsfinalen mot eit indonesisk lag vart plankekøyring for Brogeland og Lindqvist, som spela med Zia Mahmood og Jeff Meckstroth på lag Mahaffey. Det var ikkje ueffent å byrja med 11 IMP inn på det aller fyrste spelet. Men kanskje hadde kampen sett litt annleis ut, om den indonesiske veteranen Eddy Manoppo hadde vunne den dobla kontrakten sin, i staden for å gå ei beit? Det gjev ei ganske anna kjensle å innleie ein kamp med eit kanonspel, enn med eit loddrett bortspel av mange IMP.

 
6 4
kn 6 5 4
K
K D 9 8 6 4
 
 
K D 10 9
E 10 7
E D 9 6 5
3
 
 
VestNordØstSyd
BrogelandLasutLindqvistManoppo
pass1 sp2 ru
pass3 klpass3 gr
dblpasspasspass


Du kan jo setja deg i Manoppos stol, og vurdere korleis du handsamar denne kontrakten. Boye Brogeland byrjar med spar fem til esset hjå Espen Lindqvist. Derifrå kjem ruter sju attende til kongen, som vest fylgjer med firaren på.
 
Sparen er no etablert for tri stikk via den bortimot markerte finessen på tiaren, hjarter ess er eitt sikkert stikk, og sit ruteren 4–3, er det fire stikk der òg. Men kløverstikket som kan etablerast i bordet, manglar du no diverre inntak til.
 
Manoppo tenkte fornuftig då han ikkje rørde hjarteren. Med mindre sitsen der er veldig heldig, er det ein stor føremon at motparten må spela den fargen for deg, heller enn du skal ta initiativet. I staden drog Manoppo ein spar til tiaren, som Brogeland kasta kløver på. Ruteren kunne det heller ikkje haste med; Manoppo spela i staden ein kløver til kongen, stukken med esset av Lindqvist. Derifrå kom ruter tri attende til esset, som Brogeland fylgde med åttaren på.
 
Du er altså inne på ruter ess, og kan berre gje bort to stikk til, i fylgjande situasjon:

 
-
kn 6 5 4
-
D 9 8 6
 
 
K D
E 10 7
D 9 6
-
 

 
Kva sjansar øygnar du? Eg vil seia at det eigentleg ser ganske lyst ut. Du bør helst få sett opp ruterkvisten. Etter doblinga forventar du at ruterlengda er hjå Brogeland i vest, og har han utstyrt seg med fem, er alt vonlaust. Men du la vel merke til at han fylgde med åttaren under ruter ess? Han ville neppe sløst vekk den om han ikkje måtte, altså tyder alt på at han byrja med knekt, ti, åtte fjerde. Men ikkje berre dét, du kan òg sjå at vest vil få eit stort problem om han kjem inn på denne fjerde ruteren. Han har jo ikkje spar att, så kva skal han fri seg med? Kløver gjev deg stikk for kløver dame, hjarter gjer at du kan setja opp eit ekstrastikk der. 
 
Eg veit ikkje kva Manoppo tenkte på, då han i posisjonen over spela liten ruter. Spelet såg ut som ein kunne forventa: 

 
6 4
kn 6 5 4
K
K D 9 8 6 4
 
5
K 8 2
kn 10 8 4
kn 10 7 5 2
E kn 8 7 3 2
D 9 3
7 3 2
E
 
K D 10 9
E 10 7
E D 9 6 5
3
 

 
Brogeland kom inn på ruter ti, men fann no det beitande halmstrået, då han fridde seg med ruter knekt. Manoppo var inne att og kunne ta to sparstikk, men måtte til slutt gje bort to hjarterstikk, for éi nitrist beit.
 
Meldingsforlaupet var det same i det andre rommet, bortsett frå at Zia slapp udobla i 3 grand. Aust spela her dårlegare imot enn Espen Lindqvist, då han dukka den fyrste sparen, og inne på kløver ess prøvde seg med spar ess og deretter hjarterskift. Det var eit lite utfordrande motspel, og kontrakten gjekk greitt heim med ni stikk.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger