AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Forsiktig!
Då eg måtte gå og leggje meg i eittida sundag natt, hadde Boye Brogeland og Espen Lindqvists lag Diamond nettopp tapt det tridje av dei fire finalesetta 56–3, og dei låg under 109–68 mot sin formidable motstandar Lavazza. «Ja vel,» sa eg til meg sjølv, «dette er over». Stor var gleda då eg gjekk inn for å sjekke resultatet neste morgon, og såg at Diamond likevel hadde vunne! Det er berre å bøye seg i støvet og gratulere med ein fantastisk prestasjon.  
 
I vekas spel skal vi riktig nok til eit tilfelle som ikkje gjekk Diamonds veg, utan at det var Brogeland eller Lindqvists feil. Det skriv seg frå semifinalen, då Diamond møtte det internasjonale lag Mittelman NPC, og etter kvart vann komfortabelt.
 
Fyrst eit meldeproblem:

 
E 9 7 5
K 9 6 2
7 2
K 9 6
 

 
Du sit i andre hand i ugunstig sone, og høyrer 1 spar framfor deg. Sjølvsagt passar du, nestemann melder 1 grand, og makkeren din doblar opplysande. Motstandaren til høgre seier no 2 spar. Di melding?
 
Makkeren din har normalt fire hjarter for doblinga si. Spesielt no når båe motstandarane har meldt, og vi er i ugunstig sone, er krava til doblinga relativt strenge. Sidan du sjølv har fire hjarter, må du melde.

Dette er ein fin posisjon for å bruke såkalla Lebensohl, som inneber at du kan melde 2 grand som ei overføring til 3 kløver, som du kan passe om du har kløver, eller korrigere til ein annan farge på 3-steget om du ynskjer å spela der. Det blir altså ein måte å «fighte» på. Melder du derimot fargen din direkte, syner du inviterande verdiar.

Sidan du kunne hatt mykje mindre enn 10 honnørpoeng og likevel ynskt å melde her, er det klårt at 2 grand etterfylgt av 3 hjarter blir ei undermelding. Mange ville nok sagt 3 hjarter som invitt, men eg er samd med amerikanaren John Diamond i at det òg er litt tamt. I lagkamp, der soneutgangane er særleg verdifulle, med aktive honnørar mot ein makker som har synt ei solid opplysande dobling, har eg sansen for hoppet hans til 4 hjarter. 
 
Du blir spelande ein lauvtynn, men spennande utgang:

 
10
E 7 5 3
E D kn 5 3
5 4 2
 
 
E 9 7 5
K 9 6 2
7 2
K 9 6
 
 
VestNordØstSyd
PachtmannPlatnickZatorskiDiamond
1 sppass
1 grdbl2 sp4 hj
passpasspass
 

Vest spelar spar dame ut. Bruk litt tid på å planleggje spelet.
 
Ressursane og kommunikasjonslinene er knappe. Det inneber at du bør dryge med å freista ta ut trumfen, for det er ein overhengande fare for å miste kontrollen over spelet. Skal du koma i mål er du heilt avhengig av sidefargen ruter, og i slike tilfelle er det ofte lurt å gå rett på denne sidefargen. Difor vinn du med spar ess og spelar straks ein ruter til dama.
 
At ho held stikk, er svært gode nyhende. For når vest er plassert med 5 honnørpoeng i dei spisse fargane, er det svært sannsynleg at aust har kløver ess for opninga si. Eg vil faktisk påstå at den beste speleføringa no, truleg er å dra ein kløver mot kongen. Det er fint å få med seg eit stikk for han på vegen mot ein eventuell heimgang i kontrakten, og jo meir arbeid du får gjort medan du enno har kontroll over trumfen, di gunstigare. Eller har du eit betre forslag?
 
Diamond tok for hjarter ess. Då aust no fylgde med dama, burde han ha teke seg ein augneblinks meditasjon. Dama kan naturlegvis vera toppen av ein sekvens i hjarter, men liknar ho ikkje òg forferdeleg på ein singleton? Kontrakten stod framleis, om Diamond no hadde gått attende til kløveren. Men då han heldt fram med hjarter, hadde han ingen sjanse. Aust var renons, og når heller ikkje ruteren brakk, fekk han berre tak i ni stikk.
 
Viss planen uansett var å ta to trumfhonnørar, burde han iallfall heller ha byrja med ein liten til kongen. For då ville han framleis hatt sjansen til å revurdere etter å ha teke ein ny ruterfinesse. Det er då ingen stor fare ved å spela til dømes ein liten ruter til steling: Om aust kan leggje i ein større trumf enn sør sjølv har på handa, får jo sør kasta ein kløvertapar.
 
Slik såg heile spelet ut:

 
10
E 7 5 3
E D kn 5 3
5 4 2
 
D 6
kn 10 8 4
K 9 8 6
D kn 7
K kn 8 4 3 2
D
10 4
E 10 8 3
 
E 9 7 5
K 9 6 2
7 2
K 9 6
 
 

Spela du litt forsiktigare enn Diamond gjorde, vann du soneutgangen din. Det ville vore ein svært god score i absolutt alle tevlingar, ikkje minst her, då kontrakten på det andre bordet berre var 3 hjarter med ti stikk. Du ville vunne 10 IMP i staden for å tapa 7, ein sving på 17. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger