AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ei ubrukeleg hand?
Det er lett å miste humøret når kortgudane har gjeve ein ei dårleg hand. Men det gjeld å vera på alerten likevel; plutseleg får den veikaste handa den viktigaste rolla. I vekas spel, også dette innrapportert av Halldor Barikmo, var det nettopp såleis. Spelet førekom under ein klubbkveld i Berkåk BK i Trøndelag.
 
Ta plass i aust.

 
K D 9 4
6 3 2
E K kn
10 4 3
 
kn 8 6 5 3
kn 7
10 5
kn 8 7 2


Sør opnar 1 ruter, og makkeren din melder inn 1 hjarter. Nord doblar for å syne minst fire spar, og sør seier 2 kløver, som er naturleg og normalt syner maks to spar. Vest prøver seg med 2 hjarter, men nord har visst godkort og spør etter hjarterhald med 3 hjarter. Sør seier no 3 spar, som kan tyde på dobbel spar og noko ræl i hjarter, før nord avsluttar meldingsforlaupet med 5 ruter.
 
Makkeren din spelar ut hjarter konge, som bed om fordeling frå deg, og fylgjer opp med hjarter ess. I desse stikka legg sør tiaren og niaren. Så kjem hjarter dame. Kva kastar du?
 
Aktuelt saka aust ein spar, og like etter var spelet over. 

 
K D 9 4
6 3 2
E K kn
10 4 3
 
7 2
E K D 8 5 3
D 6 4
D 5
kn 8 6 5 3
kn 7
10 5
kn 8 7 2
 
E 10
10 9
9 8 7 3 2
E K 9 4
 
 
VestNordØstSyd
1 ru
1 hjdbl1)pass2 kl2)
2 hj3 hj3)pass3 sp
pass5 rupasspass
pass
1) Minst fire spar
2) Maks dobbel spar
3) Spørsmål om hjarterhald


Sør tok ruterfinessen, og hadde deretter ein temmeleg opplagt skvis mot aust i dei svarte fargane, for heimgang i soneutgangen.
 
Spørsmålet om kva du kastar på hjarter dame, var naturlegvis eit lurespørsmål. For du skal ikkje «kaste» i tydinga kvitte deg med eit småkort i ein sidefarge, du skal stela med ruter ti. Dette kortet kan umogleg vera noko å spara på, og aktuelt får du ei rask beit idet sør ikkje kan stela over.
 
Kva med vest, kunne han gjort noko for å avverja fadesen? Vel, er ein plaga med ein såpass døsig makker som denne vestspelaren openbert hadde, kan det vera ein god idé å leggje ned litt ekstra innsats for å vekkje nemnde makker. Vest ser jo òg at aust absolutt må bruke ruter ti om han har henne, så han bør spela ein liten hjarter i tridje stikk. Når aust etter meldingane veit at sør ikkje kan ha fleire hjarter, er denne utviklinga såpass iaugefallande at det bør gå an å skjøna kva som skjer.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger