AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Langsam heimgang
Sør kjende seg sjanselaus i denne vekas spel, som skriv seg frå ein trøndersk krinskamp på nett nyleg. Det skal seiast at speleføringa var ei lita nøtt, men heilt umogleg var ho kanskje ikkje? 
 
 
9 7 5
E 2
7 6 3
E K D 10 7
 
K 6 4 2
K D 10 4
4 2
kn 8 2
3
8 6
E K D 10 8 5
6 5 4 3
 
E D kn 10 8
kn 9 7 5 3
kn 9
9
 
 
VestNordØstSyd
pass1 kl3 rudbl
pass4 klpass4 sp
passpasspass

 
Om 4 ruter over 3 ruter syner båe major, kunne jo det ha vore ei god melding i sør. Men det viser venteleg kløverstøtte. 4 spar vart i alle fall kontrakten, og den er jo ikkje så aller verst.
 
Ut kom ruter fire til dama, deretter ruter ess. Om aust no greier å skifte hjarter, er kontrakten naturlegvis kistebeit. Men det verka nokså tilforlateleg å halde fram med ein tredje ruter, som vart stolen med spar dame i sør.
 
Om vest no tok ein liten tenkjepause, var litt uklårt – slike ting blir gjerne meir diffuse i digital bridge. I alle fall kasta han ein kløver. Sør heldt fram med spar ess og spar knekt. Men vest, som forresten var dyktige Olav Arve Høyem frå Lundamo i Trøndelag, stakk ikkje denne. Derimot stakk han spar ti i stikket etter, og sette bordet inn ved å skifte hjarter konge. No fekk ikkje speleførar teke ut den siste trumfen, han var låst i bordet, og gjekk i praksis to beit.
 
Ser du korleis sør kunne ha vunne kontrakten, slik dei tre fyrste stikka gjekk? Det som kanskje kompliserer ting her, er vest sin pass i opning. Om vest ikkje har passa fyrst, vil semigåande sekskortsfarge og ein konge vera for mykje for ei sperremelding i gunstige sone, og spar konge kan då plasserast i vest. Når vest derimot har passa fyrst, er 3 ruter friare, og det kan ikkje utelukkast at spar konge sit i kapp.
 
Difor finst det kanskje fleire aktuelle speleføringar, men sør tok jo uansett ikkje sparfinessen. Då han tilsynelatande gjekk ut ifrå at spar konge sat bak, skulle han heller ha byrja med ein av dei mellomhøge sparane, ikkje esset. Vest kan ikkje stikke korkje denne eller neste mellomhøge spar som kjem, for då har jo speleførar sparkommunikasjon etter hjarter konge, og får både teke ut trumfen og henta kløveren.
 
Når vest har dukka to spar, er det likevel sør som har kontroll: Det er berre å ta spar ess og setja i gang med kløveren. Der er ein riktig nok avhengig av at noko hyggeleg skjer om kontrakten skal kunne vinnast, men det gjer det jo no: Vest har enno ikkje fått godspela hjarterstikket sitt, slik at sør rekk å kaste heile hjarterleksa si.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger