AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Opplysande dobling?
Denne vekas spel skriv seg frå vakre Oppdal BK for nokre veker sidan, og er rapportert inn av unge Edd Robert Stenbro.  

 
D kn 6 4 2
E D kn 5
10
E 9 7
 
 
E
K 9 4 3
E D 7 6 4 3 2
10
 
 
VestNordØstSyd
HaugenStenbroBjerksetForbregd
1 sppass2 ru
3 kl3 grpass4 ru
pass4 hjpass4 gr
pass5 hjpass6 ru
passpassdblpass
passpass

 
Eit par av nords meldingar kan nok kritiserast her, og dei førte til ein suboptimal slem; 6 hjarter er betre. Aust uttrykte altså mistrua si med ei dobling, men dét skulle han få angre på.
 
Kløver konge kjem ut til esset, og ruter ti går via knekten til dama. Idet vest fylgjer med åttaren, korleis trur du slemmen bør spelast?
 
Aust må nesten ha byrja med konge, knekt fjerde i ruter for doblinga si. Ein kjem altså ikkje i hamn ved å ta for ruter ess no, då får aust to trumfstikk. Ein må i staden generere ein sluttposisjon der konge, ni, fem i ruter blir fanga opp av ess, sju, seks, og på den måten redusert til eitt stikk. Sør må altså gjennomføre ein såkalla trumfreduksjon, han må bli like kort som aust i trumf.
 
Forbregd tok for spar ess og spela hjarter til dama, deretter spar dame. Om aust no hadde lagt lågt, ville Forbregd saktens fått noko å tenkje på. Men aust dekte med kongen, Forbregd stal, og spela hjarter til knekten. Vest var i dette stikket renons, og kasta ein kløver.
 
Alle vegar fører no til Oppdal sentrum, men i praksis gjekk ein kløver til trumf og ein hjarter til esset, før spar knekt vart teken med avkast av hjarter konge.
 
Enno hadde Forbregd fire trumf att, men han trong berre å stela eitt kort til, før han omsider var nede i den planlagde posisjonen. Han fridde seg med ruter seks, aust kom inn på niaren med berre trumf att, og måtte avslutte frå konge, fem opp i ess, sju!
 
1540 til bokføring. Heile spelet:

 
D kn 6 4 2
E D kn 5
10
E 9 7
 
10 9 5 3
8
8
K D kn 8 6 5 2
K 8 7
10 8 7 2
K kn 9 5
4 3
 
E
K 9 4 3
E D 7 6 4 3 2
10
 

 
Aust får ikkje mykje skryt for doblinga si; etter seiande hadde han stilt opp korta sine feil. Det vart ei såkalla opplysande dobling, i den forstand at ho opplyste speleførar om sitsen.
 
Men det er kanskje ikkje heilt umogleg å finne den aktuelle speleføringa sjølv utan dobling? Iallfall om det fyrste ruterstikket blir sjåande likt ut. Aust bør heller dekkje ruter ti med kongen. Sør veit ikkje då kor knekten er, og åttaren som fell bak, kan til dømes vera frå knekt, ni, åtte. Men etter innmeldinga kan ein likevel ha sine mistankar …
 
Merk at det aktuelt var irrelevant om aust dekte eller ikkje dekte sparen. Forbregd har ikkje bruk for avkastet på spar knekt, all den tid aust må fylgje hjarter nærast i det uendelege.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger