AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Strengt, men rettferdig
Speleførar gløymde å tenkje på tryggleiken i vekas spel, som skriv seg frå ein kamp i NM klubblag no nyleg. Han vart hardt straffa av ein motspelar på høgda. 

 
E K 2
E D kn 8
E K D 8 3
5
 
 
D 10 9 7 3
10 4 2
7 2
10 9 4
 
 
VestNordØstSyd
1 kldblpass1 sp
2 kl3 kl1)pass3 sp
pass4 kl2)pass4 sp
passpasspass
1) Kunstig krav
2) Kontrollmelding, sleminvitt med sparstøtte


Idet vest byrjar med hjarter seks, konstaterer du at makkers hand er så knakande god at slem har brukbart spel jamvel mot dine eigne fliser. Så i utgang handlar vel dette berre om overstikk, eller? Korleis byrjar du spelet?
 
I partevling har du eit problem, for hjarter konge kan saktens sitja i kapp. I lagkamp, derimot, er det eigentleg ikkje så vanskeleg: Du ser sannsynlegvis på fem sparstikk – knekten fjerde i aust kan jo enkelt saksast opp – tre ruterstikk og to hjarterstikk.
 
Når vest vel å spela hjarter ut, sjølv om han nok ser på ein solid sekvens i kløver, er det slett ikkje usannsynleg at han har singelton. Beitefaren i utgang ligg i at vest kan få to stelingar i tillegg til at forsvaret får eit hjarter- og eit kløverstikk.
 
Riktig spel må difor vera å stikke med hjarter ess og dra ess og konge i spar. Skulle det skje at vest har fire spar, må du no revurdere litt. Men aktuelt skjer ingenting spennande, og du kan ganske enkelt ta ut trumfen, kaste ein kløver på ruteren – eller fleire, om han sit rundt – og setja opp eit hjarterstikk. For så vidt kan du òg, risikofritt, spela hjarter medan det enno ligg ein trumf i bordet, og aktuelt vinne elleve stikk.
 
Men speleførar lét fyrste hjarter gå! Nasen vart svært snart svært lang, då heile spelet såg slik ut:

 
E K 2
E D kn 8
E K D 8 3
5
 
kn 4
6
kn 10 9 6
E K D 8 3 2
8 6 5
K 9 7 5 3
5 4
kn 7 6
 
D 10 9 7 3
10 4 2
7 2
10 9 4
 

 
Aust stakk og spela kontant ein middels høg hjarter attende til steling. Vest såg no to moglegheiter for beit: Han kan ta ein høg kløver, som gjev beit dersom aust har utstyrt seg med eit sparstikk, det vil seia dama tredje, eller han kan spela liten kløver og vone at makker har knekten, for så å få ei ny hjartersteling.
 
Ettersom aust passa glatt på 1 kløver dobla, og sør melde spar to gonger, rekna vest det sistnemnde scenarioet for meir sannsynleg. Han spela difor liten kløver, og fekk ei andre hjartersteling, for éi beit. Godt motspel, elendig speleføring.
 
Diverre er heile soga løgn, for eigentleg var det vest sjølv som hadde kløver knekt, og forsøket på å spela aust inn på kløver ti, enda med at sør kunne le høgt. Men dette gjer ikkje motspelet dårlegare, eller speleføringa betre.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger