AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Det ufattelege
Det er fascinerande: I ei stor tevling som den norske seriemeisterskapen, vil det på eit eller anna bord skje eit eller anna rart på nesten kvart einaste spel.
 
Frå spelinga i 2. divisjon har vi fått høyre om eit særleg tragikomisk kasus. Du kan jo få byrja med ei enkel meldeprøve på ei særs hyggeleg hand:

 
E K 2
E 10 2
-
E K D kn 7 3 2
 


Sei at det går to passar til deg. Du opnar i 2 kløver, og makkeren din svarar positivt, 2 spar, som lovar minst seks honnørpoeng og minst femkorts spar. Ditt neste bod? Kva om makkeren din i staden opnar i 2 spar i fyrste hand, som syner femkorts spar og ein minor?
 
Underteikna spela på dette spelet mot Tor Ivar Bang–Eskil Monrad Hagen på Oslo-laget Fodstad i 1. divisjon, og det gjekk fort. Etter å ha opna 2 kløver og fått 2 spar, sa Hagen ganske enkelt 7 kløver. Har makker berre dama femte i spar, må det jo vera godt spel for den kontrakten. Om makker opnar 2 spar, blir du ikkje meir skremt. Gode gamle store frie er det lettaste, men ein kan òg melde Blackwood, og deretter få spurt etter trumfdama. Uansett blir det storeslem, ein iskald storeslem dei aller, aller fleste i salen melde.
 
Men idet vi syner dykk alle korta, vil vi likevel skissere eit alternativt meldingsforlaup – eit svært alternativt meldingsforlaup: 

 
D kn 10 8 3
D 9 4
E 8 4 3
5
 
7 5 4
kn 8 7 3
K kn 9 7
8 6
9 6
K 6 5
D 10 6 5 2
10 9 4
 
E K 2
E 10 2
-
E K D kn 7 3 2
 
 
VestNordØstSyd
2 sp1)pass2 kl2)
pass2 rupass2 hj3)
passpasspass
1) "Tartan"; fem spar og ein minorfarge, under vanleg opningsstyrke
2) Sterkt, krav
3) Fjerde farge krav


Det var dei glade gutane på Haugland-laget Træet som fortalde meg denne skrekkhistoria frå det verkelege liv, signert motstandarane deira. Forklåringa eg fekk frå Roger Træet og makker Øyvind Haga – i den grad eit slikt meldingsforlaup kan forklårast rasjonelt – var som fylgjer: Både sør og vest tolka opninga som 1 spar, ikkje 2. Då vest godkjende sørs utilstrekkelege melding i fyrste melderunde, var det i vanvare. Men gjort er gjort. Då nord fekk trauet under skjermen, ville han skyve det attende på grunn av det utilstrekkelege 2 kløver-bodet, men aust informerte han om at vest sin pass godkjende bodet. Nord melde velnøgd 2 ruter som naturleg, for det måtte jo vera strålande å få synt sidefargen sin på 2-steget etter fyrst å ha opna i 2 spar! Men dimed meinte han òg at han var ferdig med å syne korta sine. Då trauet kom attende neste gong, med sørs forsøk på fjerde farge, var 2 spar-meldinga delvis «rokert om» til 1 spar av sør og vest. Men det la ikkje nord merkje til. Han passa glatt!
 
Det var nok av råstyrke å ta av, så speleføringa gjekk ikkje så hestgale på 3–3-tilpassinga: Det vart tri overstikk.
 
Før eg skreiv dette, måtte eg gå inn på resultatsidene og sjekke om historia verkeleg kunne vera sann. Ganske riktig: I skuggen av speldiagrammet, under ei lang rekkje 2220, 2210 og 2140, nokre fåe stusslege 1460 og 1390, ein einsam nitrist 710, ja, jamvel ein patetisk 640 – der, som ei synkverving, står det svart på kvitt, det ufattelege: 200. 2 hjarter, elleve stikk.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger