AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ei hjelpande hand
Av og til gjer ein småe ting i motspel som fortonar seg som tydingslause for ein sjølv, men som kan få mykje å seia for speleførars avgjerder.
 
Her er eit døme frå ein rundekamp nyleg, der eit lag frå Studentenes BK møtte nokre av Heimdals store stjerner. Du kan få gruble litt på ei kortføringsprøve, før vi ser på spelets eigentlege poeng. 

 
3 2
9 6 4
E 8 6 3
E 7 5 4
 
 
K kn
K D 10 5 2
K kn 9 2
K 8
 
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass2 kl2 sp3 hj
pass4 hjpasspass
pass


Noko uortodokst å opna 1 grand i sør, kanskje, men det å opna 1 hjarter og gjenmelde 2 ruter byd òg på sine vanskar. Nord ville invitere, men ein variant i systemet forplikta han til å gå vegen om Stayman. Dimed vart kontrakten harde, men sjanserike 4 hjarter, med spar fem ut til esset. Aust heldt fram med spar fire til kongen, og så kan du jo gruble litt på korleis dette spelet bør planleggjast.
 
Inntaka i bordet er for fåe til både å få spela to gonger hjarter mot handa og få teke ein ruterfinesse. Det finst ingen fasit, men det var nok ikkje heilt unaturleg å velja den planen som Studentenes sin sørspelar byrja på: Han meinte det beste var å satse på hjarter ess i aust, i tillegg til at ruteren ville avgrense seg til éin tapar. Tanken var difor å spela kløver til esset, hjarter til kongen, og – så fremt denne stod – ein ruter til esset og ein ny hjarter mot handa.
 
Så langt kom aldri sør, for allereie på den fyrste hjarteren frå bordet stakk aust med esset. Han fridde seg med kløver til kongen, og hjarter konge og dame trekte ut trumfen til forsvaret – det synte seg at aust byrja med to. Når du no fekk berre éin hjartertapar, kjenner du att klassikaren i ruter, som gjer at du er garantert å unngå to taparar der?
 
Denne står i lærebøkene: Ned med ruter konge, liten ruter mot bordet. Er vest renons, er det berre å stikke med esset og spela ruter opp mot knekten. Men idet vest fylgjer, kan du trygt be om åttaren frå bordet. Stikk aust, sat ruteren 3–2, og alt er grønt. Men du garderer deg vakkert mot dame, ti fjerde i vest. Varianten kostar aldri meir enn eit overstikk, og aktuelt førde han til heimgang i staden for beit. 

 
3 2
9 6 4
E 8 6 3
E 7 5 4
 
10 7 5
kn 8 7
D 10 7 5
D 10 6
E D 9 8 6 4
E 3
4
kn 9 3 2
 
K kn
K D 10 5 2
K kn 9 2
K 8
 


Det er vanskeleg å sjå kva aust skal tene på å stikke fyrste hjarter, men for han var det kanskje vanskeleg å sjå kva han skulle tape på det. Denne gongen vart det ein utgangssving til Studentenes, då den dårlege kontrakten 3 grand gjekk beiter på det andre bordet.
 
Heimdal vann likevel kampen med 19 IMP, men heldigvis ser det ut til at båe laga går vidare til tridje runde.

No tenkjer de sikkert at dette er avtala spel og at kampen i realiteten aldri vart gjennomført, men dette vil eg på det sterkaste nekte for. At listene er borte og at ingen tok bilete under spelinga, kan eg ikkje forklåre på ståande fot. Men trur de verkeleg at eg er så utspekulert at eg har sete og dikta opp spelet over? For å seia som ei finansfrue om korrupsjonen den søkkrike mannen hennar var sikta for: «Det fell på si eiga urimelegheit.»

Av Erlend Skjetne  

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger