AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Elle melle
Vi byrjar det nye året der vi avslutta det førre, med eit døme på kor mykje smerte og liding det kan vera i bridgen. Vekas spel er frå 3. divisjon i Trondheim, der underskrivne gjekk på ei mine mot Jørgen Larsen–Frode Knudsen. 
 
 
E K 10 6
K D 9 3
D 6
E 5 3
 
 
kn 2
10 5 2
E 9 4
K D kn 8 4
 
 
VestNordØstSyd
LarsenHornslienKnudsenSkjetne
pass1 kl
pass1 hjpass1 gr
pass4 gr1)passpass
pass
1) Invitt til slem

 
Opning må seiast å vera rimeleg opplagt med ein såpass god kløverfarge, men det vart ikkje heldig å gjenmelde 1 grand, for når ruter knekt kjem ut til dama og kongen, ser du at denne kontrakten hadde vore mykje hyggelegare i nord. Men gjort er gjort, så kva gjer du?

Å dukke ruter konge vil vera fordelaktig dersom vest har lang ruter og aust har hjarter ess. Men om du dukkar éin gong, må du nesten dukke to gonger, og då treng du at fleire gunstige ting skjer enn berre at aust har hjarter ess. Skulle vest derimot ha hjarter ess, er kontrakten heime om du stikk, fordi ruter ni garderer mot eit snarleg tap av mange ruterstikk.

Då spelet førekom, valde underskrivne å stikke. Ein liten ekstra fordel med dette, tenkte eg, var at eg etterpå kunne prøve spar knekt. Dekkjer vest, har eg jo allereie åtte svarte stikk pluss ruter ess, og på dei svarte stikka må motparten gjera nokre avkast, noko som alltid kan medføre komplikasjonar for dei.
 
Då spar knekt ikkje vart dekt, måtte eg nesten stikke med esset, spela kløver til handa og hjarter opp. Men Frode Knudsen i aust stakk kongen med esset, og spela ruter igjennom niaren. Dimed gjekk kontrakten tre beit, då heile spelet såg slik ut: 
 
 
E K 10 6
K D 9 3
D 6
E 5 3
 
D 8 7
kn 8 4
kn 10 8 5 4 2
9
9 5 4 2
E 7 6
K 7
10 7 6 2
 
kn 2
10 5 2
E 9 4
K D kn 8 4
 

 
Å dekkje spar knekt er teknisk korrekt, men psykologisk var det heilt riktig å leggje liten, som Jørgen Larsen på lag Brøtan greidde å gjera.

Merk også at det var gull å spela ruter knekt og ikkje liten ruter ut. Med liten ut må eg nesten prøve dama i bordet, og så må eg nesten dukke kongen, og så er dagen berga.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger