AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Bortimot middels
Trumfreduksjon er ein av dei litt meir avanserte teknikkane som finst innan bridgen, og førekjem ofte i nøttespel der alt dreier seg om kontraktstikket i ein eller annan utgang eller slem. Lykkast ein blir resultatet sjølvsagt superbt.

Men i vekas spel, som skriv seg frå partevlinga under Trondheim Cup, måtte det ein trumfreduksjon til for å berge bortimot middels på eit spel – og kontrakten var ikkje høgare enn 2 kløver.

 
kn 9 3 2
E D kn 5
E 8 5
10 9
 
 
7 4
7 4
K D 6 2
K kn 8 5 2
 
 
VestNordØstSyd
FyrunP. EideAndersbakkenSkjetne
passpass
1 sppass1 gr2 kl
passpasspass


Eg skal ikkje skryte av meldinga 2 kløver, som unekteleg var av det tvilsame slaget, men eg har no ein gong for vane å melde på soneforholda. At eg skulle bli spelande i 2 kløver, var eg slett ikkje førebudd på, og bordet var i grunnen eit vonbrot: Med så mange ressursar hjå makker, såg eg jo at 1 grand veldig fort ville gått to sonebeiter. Men no var kontrakten altså 2 kløver, så det galdt å gjera det beste ut av det.
 
Kjell Gaute Fyrun var tilsynelatande uheldig med starten på motspelet, då han la ned to store spar. Den andre felte nemleg dama hjå Andersbakken. Men dette skulle syne seg å vera irrelevant. I tridje stikk skifte han ruter knekt. Eg stakk med esset for å dra kløver ti, som stod. Deretter fylgde kløver ni, og sanneleg stod ho òg! Fyrun fylgde med seksaren og trearen. Du kan jo ta nokre augneblinkar for å vurdere korleis du held fram.
 
Det er eigentleg berre éi sak du må ta stilling til, nemleg korleis du trur trumfen sit. Svaret på dette er eigentleg òg ganske openbert: Vest ville aldri ha lasjert kløveren to gonger om han byrja med esset tridje, for makkeren hans kunne jo hatt kongen tridje. Aust sit nok att med både esset og dama i kløver. Kan vi hindre at han får for båe desse?
 
Ja, men det fordrar at vi kan organisere ein situasjon der vi er inne i bordet idet vi berre har to kort att på handa, nemleg konge og knekt i kløver. Altså må vi ha trumfa eit kort på handa. Det kan vera freistande å kaste hjarteren sin på spar knekt, for å sleppe å ta finessen der. Men skal den ambisiøse planen vår om ein trumfreduksjon lykkast, må vi bli kvitt ruterkvisten vår einkvan stad.

Reknar vi litt på honnørpoenga, veit vi eigentleg at hjarter konge uansett sit i kapp. Vest kan sjølvsagt ha opna tynt i tridje hand, men neppe på berre åtte honnørpoeng. Er vest faktisk så tynn, må aust ha heile elleve poeng, og det er då rart om han ikkje gjer eit eller anna over 2 kløver. Vi skal altså ta hjarterfinessen.
 
Men det fyrste vi bør gjera, er å ta konge, dame i ruter. Skulle aust kunne trumfe ein av desse, er det jo uansett med eit originalstikk i trumf. Men som venta fylgjer han båe gongene, og det same gjer vest. Vi kan no prikke inn den eksakte fordelinga i aust: 2–4–3–4.

Vi held fram med hjarter til finesse, og kan jo no til og med vera litt kule: Vi tek den høge spar knekt, men idet aust kastar ein hjarter, trumfar vi han med kløver åtte. Så held vi fram med hjarter til ny finesse, og tek hjarter ess med avkast av ruteren. Bordet er inne med ein spar og ein hjarter att, aust har ess og dame i kløver, men vi har konge, knekt. Heile spelet:

 
kn 9 3 2
E D kn 5
E 8 5
10 9
 
E K 10 8 5
K 9 6
kn 10 4
6 3
D 6
10 8 3 2
9 7 3
E D 7 4
 
7 4
7 4
K D 6 2
K kn 8 5 2
 

Ikkje uventa gav ti stikk i kløver -2 på spelet. 3 grand nord–sør er faktisk ubeiteleg, og mange hadde 200 inn mot 1 grand i aust. Men strevet var ikkje forgjevast: Det var fleire kløverkontraktar med berre ni stikk, og det gav -16. Aust ville kanskje gjort betre i å stikke den andre kløveren i staden for å la han gå, for då er det ikkje så lett for speleførar å utelukke at trumfen sit 3–3; aust kunne jo hatt ess, dame tridje. 
 
Det er viktig å få nokre toppar i partevling. Men minst like viktig er det å snu dei potensielle møkkaspela til bortimot middels.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger