AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit billeg triks
Gjennom mange års bridgespeling snappar ein gjerne opp nokre praktiske triks som sjeldan er omtala i lærebøkene. Speleførar hadde suksess med ein svært banal teknikk i vekas spel, som skriv seg frå partevlinga under Trondheim cup.

 
E D 2
10 3 2
E 10 9 6 4
8 5
 
 
10 5 4
D 8 6 5 4
K D
E K D
 
 
VestNordØstSyd
passpasspass1 gr
pass2 klpass2 hj
pass3 grpasspass
pass


Kanskje litt spesielt meldt av nord å bruke Stayman, men ikkje forhøyre seg om kor vidt sørs hjarter var ein femkortsfarge. Med så småe hjarter tenkte han vel at 3 grand kunne vera like greitt i partevling, og det var for så vidt riktig nok.
 
Vest byrja med kløver seks til tiaren og kongen. I utgangspunktet låg det langt fram å kunne godspela hjarteren, så sør såg at han måtte satse på ruteren. Det var potensielle vanskar med kommunikasjonen om knekten skulle sitja fjerde imot, men sør såg ikkje andre moglegheiter enn å ta konge, dame i ruter, og eventuelt spela ein spar til dama etterpå.
 
Men under ruter dame skjedde det lykksalige at knekten fall frå vest. Dimed kunne sør stikke over ruter dame med esset, og forsyne seg med ytterlegare tri ruterstikk. Her kom det vesle poenget i dette spelet: Er det ein farge du vil at motparten skal kaste, bør du sjølv kjappe deg å kaste eit kort i den fargen! Det er eit gamalt triks, men har ein sterk psykologisk effekt, idet motstandaren kan koma til å tenkje: «Kan speleførar unnsjå eit kort i den fargen, kan vel eg gjera det same?»
 
Det fyrste som skjedde etter at sør kasta ein hjarter på ruteren, var at vest kasta hjarter sju. På ytterlegare to ruter kasta sør endå ein hjarter og ein spar. Vest kvitta seg med to spar, aust med éin kløver.
 
No kunne speleførar gratis prøve seg med ein hjarter. Aktuelt susa aust opp med esset, og spela ein kløver til sørs ess. Situasjonen var som fylgjer:

 
E D 2
10 3
-
-
 
 
10 5
D 8
-
D
 


Nokre ville kanskje tenkt at det var fare for ikkje å få for kløver dame om ein ikkje tek for henne, men sør hadde ei sterk kjensle av korleis hjarteren sat. Sjuaren var frå start den minste hjarteren motparten rådde over. Sør trudde ikkje at vest kunne ha byrja med fire hjarter, og trudde heller ikkje at han ville ha kasta hjarter sju frå ni, sju dobbel. Avkastet måtte vera frå kongen tridje, meinte sør, og han spela difor ein liten hjarter. Som venta kom kongen i vest og knekten i aust.
 
Vest spela ein ny kløver til dama, utan at dette hadde noko å seia. Sør tok for hjarter dame, som vest kasta kløver på, og avslutta med spar til dama. Det var ikkje fleire kløver att kring bordet, så å prøve finessen var gratis. Dimed vart det elleve stikk, og ein seksdelt topp i det 59 par store feltet. 

 
E D 2
10 3 2
E 10 9 6 4
8 5
 
K 8 7 6
K 9 7
kn 3
kn 7 6 3
kn 9 3
E kn
8 7 5 2
10 9 4 2
 
10 5 4
D 8 6 5 4
K D
E K D
 

 
Eit betre motspel av aust ville vore å leggje knekten i fyrste hjarterrunde, så vest hadde fått koma inn på kongen. Men på sparskift derifrå hadde sør uansett bestemt seg for å prøve dama, og resultatet ville vorte det same.
 
Merk at hjarteren unekteleg sit såleis at sør alltid kan spela sorten for to taparar, og elleve stikk kan alltid vinnast utan sparutspel. Men hadde vest halde på hjarteren sin, ville spelet vorte meir nervepirrande for sør. Slik det aktuelt utvikla seg, kunne han spela seg med kvilepuls fram til eit kanonresultat. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger