AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
I rette augneblink
Det hender ein har ei distinkt kjensle av at det må meldast slem, men ikkje veit heilt kva trumfen bør vera. Kva bør ein gjera då? I vekas spel kan du sjå om du finn same løysing som landslagsspelar Tor Eivind Grude. 

 
-
E K kn 10 7
E K 7 6 5
E 5 4
 


Makkeren din opnar 1 spar. Eg vil tru du svarar 2 hjarter. Makkeren din melder 2 spar. No verkar det vel naturleg å melde 3 ruter, eller?
 
No seier makkeren din 3 grand. Han har tilsynelatande ikkje all verdas tilpass til fargane dine. Men du har altså 19 pene honnørpoeng mot ei opningshand, så det blir vel tamt å gje seg allereie? 4 ruter verkar som ei grei melding. Makkeren din kan jo framleis ha trekorts ruterstøtte, og du får vist 5–5 og kanonkort.
 
Men makker er verkeleg i det daffe hjørnet i dag. Alt han greier å lire av seg er 4 hjarter, som nesten ikkje kan vera anna ein fattig preferanse. Han kan ikkje ha meir enn dobbel hjarter, og truleg har han ikkje meir enn dobbel ruter heller. Så kva slem skal de eventuelt kunne spela?
 
I denne situasjonen melde Tor Eivind Grude 5 grand! Kva tyder så denne meldinga? Jo, i tilfelle der ingen trumffarge er avtalt og det openbert herskar tvil om kva kontrakt ein bør lande i, er dette såkalla pick-a-slam, eller på godt norsk: Meld no for svingande ein eller annan god slem, makker!
 
Over 5 grand kom plutseleg ein ny farge opp av hatten: Geir Helgemo sa 6 kløver. Han veit jo at Grude ikkje kan ha firekorts der, men likevel føreslår han altså denne fargen som trumf. Då var det ei smal sak for Grude å passe.
 
Slik såg heile spelet ut, og meldingsforlaupet:

 
-
E K kn 10 7
E K 7 6 5
E 5 4
 
K kn 7 4
D 6
D kn 9 4 2
D 2
10 6 5 3
9 5 3 2
10 8
9 8 6
 
E D 9 8 2
8 4
3
K kn 10 7 3
 
 
VestNordØstSyd
KlukowskiGrudeGawryśHelgemo
pass1 sp
pass2 hjpass2 sp
pass3 rupass3 gr
pass4 rupass4 hj
pass5 grpass6 kl
passpasspass

 
Trumffargen vart altså ikkje nemnd før på slemnivå, men kontrakten var heilt nydeleg! Geir Helgemo hadde ingen vanskar med å vinne 6 kløver.
 
På det andre bordet kom Bas Drijver–Sjoert Brink for Sveits i 6 hjarter. Diverre for Noreg stod den kontrakten òg slik det sat, men det er ingen tvil om at 6 kløver er ein mykje betre slem. Ein moralsk siger til Noreg, altså, som riktig nok tapte kampen 44–25 i IMP, 14,80–5,20 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger