AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Gløggbridge i Skjolden i romjula
Den tradisjonelle og hyggelege turneringa "Gløggbridge" vart som vanleg arrangert i Skjolden femte dag jul. Sigeren gjekk i år til det driftige arrangørekteparet Bolstad, Lena Stai og Jan Frode, framfor Jon Galde og Jonny Gjerde, også dei frå Skjolden.

Følgjande slem var det mange som melde, men ingen som greidde å spela heim (Sverre Kjos-Wenjum frå Hafslo fekk rett nok 12 stikk, men melde ikkje slem): 

 
E 10 5 2
D kn 9
10 9 4 3 2
2
 
K D kn 9 6
E 10 7
E K
K D 10
4
K 8 6 5 4
D kn 7 5
E kn 5
 
8 7 3
3 2
8 6
9 8 7 6 4 3
 


Eit normalt meldingsforløp Aust-Vest kan vera: 2 kl - 2 hj - 2 sp - 3 gr - 4 gr - 5 ru 6 gr.

Med til dømes kløver ut, kan vi stikka med esset (legg dama i Vest), ta for E-K i ruter og spela spar konge, deretter eventuelt dame. Dersom Nord stikk, og returnerer ruter, tek vi to ruterstikk (spar- og hjarteravkast) i Aust før Vest vert spilt inn i kløver. Vi tek for spar knekt (eller dame), og når vi så spelar kløver konge, vert Nord skvisa (må anten kasta spar 10 eller gje opp hjarterholdet).

Dersom Nord returnerer hjarter dame når han kjem inn på spar ess, må vi passa på å stikka i Vest - og det vert same skvisen av Nord.

Truleg er det best motspel av Nord å ikkje stikka korkje spar konge eller dame. Men etter å ha kasta ein (ståande) ruter på andre kløverspel, må han blanka spar ess på tredje kløverspel. Spar til esset gjer at ess-konge i hjarter og spar knekt vert dei tre siste stikka.

Av Kjell Skjeldestad, Sogndal
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger