AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Beste sjanse for toppscore
Denne veka skal du få spela slem, nok ei prøve frå praktisk bridge. Normalt er ein jo ganske nøgd om ein melder og vinn ein veslemomp, men i partevling gjeld det alltid å halde augo opne for overstikket.   
 
 
8 6 3
E D kn
K D 9 7 3
8 2
 
 
E K D kn 10 4
3
E 6
E 10 9 6
 
 
VestNordØstSyd
1 rupass1 sp
pass1 grpass2 ru1)
pass2 sppass6 sp
passpasspass
1) Kunstig utgangskrav (XYZ)

 
Praktisk og greitt meldt. Det kan nok hende, sett frå sørs ståstad, at storeslem innimellom kan vera bra, men i lengda tener ein kanskje på å ikkje vera overambisiøs. Vest byrjar med hjarter to – korleis planlegg du spelet?
 
Dette ser unekteleg veldig lyst ut. Du har elleve toppstikk, og kan truleg få fatt i det tolvte på fleire måtar. I fyrste stikk har du to alternativ.
 
Dersom du stikk med hjarter ess, som jo kan vera refleksen, spørst det litt korleis du skal spela vidare: Om du straks byrjar på trumfen, er du på høgda om denne sit 2–2, for då kan du halde fram med ruter, og får lett tretten stikk om ruteren sit 3–3. Sit han 4–2, kan du velja om du vil stela ein ruter høgt, spela liten trumf til bordet og ta eit ruterstikk med avkast av ein kløver, for å så gje bort eit kløverstikk – eller om du ganske enkelt vil stela ein kløver i bordet.
 
Men sit trumfen 3–1, var det skummelt å ta to trumfrundar: Du har enno ikkje fått ordna deg med noka kløversteling i bordet, og sit ruteren no 4–2, har du faktisk berre elleve stikk, ettersom bordet manglar raske inntak.
 
Kva om du i staden tek hjarterfinessen i fyrste stikk? Dersom aust vinn denne med kongen, er du garantert tolv stikk så lenge forsvaret ikkje straks kan hente ei steling: Du har fem raude toppstikk, pluss seks i spar og kløver ess. Så dette er openbert betre enn til dømes å stikke med hjarter ess og gje bort eit kløverstikk. Dessutan finst ein bonus: Om hjarter dame står, har du framleis gode sjansar på alle stikka.
 
Du tek altså hjarterkutten, og han held. No spelar du ein spar, med plan om å ta to eller tre trumfrundar avhengig av kva som er naudsynt. Men i fyrste sparrunde skjer det interessante at aust legg niaren. Kva no?
 
Denne niaren har gjeve deg ein gylden veg til det fordrøymde overstikket. Du kan alltids ta ein høg trumf til, berre for å sjekke at niaren ikkje var eit false-card. Når så aust kastar ein hjarter, spelar du – i partevling, vel å merke – ruter ess, ruter til kongen og ruter til høg steling. Så lenge fargen ikkje sat 5–1, kan du no entre bordet med spar fire til åttaren, og hente hjarter ess, ruter dame og ein godspela ruterkvist til avkast av tre kløver.  
 
Heile spelet:

 
8 6 3
E D kn
K D 9 7 3
8 2
 
7 5 2
K 9 7 5 2
10 8
7 5 4
9
10 8 6 4
kn 5 4 2
K D kn 3
 
E K D kn 10 4
3
E 6
E 10 9 6
 

 
Tretten stikk var faktisk rein kasse, sjølv om speleføringa ikkje var nokon heksekunst. Litt av årsaka til resultatet ligg nok i vest sitt utspel, som må seiast å vera uheldig: Normalt er det bra å la speleførar velja tidleg, gjerne i fyrste stikk, men her ville det ha fungert betre med den like umelde kløverfargen ut. Då skal sør nemleg vera bra tøff om han torer å ta nokon hjarterkutt, ettersom dette vil resultere i beit om aust har kongen.
 
Den «opplagde» speleføringa med kløverutspel blir å ta ut trumfen og spela tre gonger ruter, stela ein ruter når fargen sat 4–2, og så entre bordet på hjarter ess til eit andre avkast på ruteren. Men då sit ein att med ein kløvertapar til slutt, og 1430 er sjølvsagt ikkje like bra som 1460. 

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger