AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ikkje akkurat eit nybyrjarspel
Det viktigaste for bridgen i Noreg i åra som kjem, blir å rekruttere nye spelarar til sporten vår. I Trondheim har Inger Hjellemarken gjort ein stor innsats med gjennomføring av nybyrjarkurs. I etterkant av kurset har ho arrangert faddertevlingar, der rutinerte spelarar har stilt opp som makkerar for dei nye.
 
Under sist faddertevling i Bridgehuset, kom ein nybyrjar ut for ei speleprøve som ville vore vanskeleg nok for den rutinerte makkeren hennar. Ho greidde diverre ikkje prøva – men kanskje gjer ho det om nokre år. Korleis ville du førd korta her?

 
E 2
8 6
E 9 7 6 4
kn 10 5 2
 
 
D 6 4
E K kn 4 3
K 5
K 7 4
 
 
VestNordØstSyd
1 hj1 gr
pass3 grpasspass
pass


Vest byrjar med hjarter sju, og når opninga er definert som femkorts, veit du at dette er ein singleton. Du dekkjer sjuaren med åttaren, og vinn dama i aust med esset. Korleis held du fram?
 
Du har tri sikre stikk i hjarter, to i ruter og spar ess. Sjølv om du i tillegg får stikk på både spar dame og kløver konge – noko det er sannsynleg at du kan få ettersom aust nok har dei fleste uteverande honnørpoenga – vil du trengje endå eit stikk. Det er naturleg å satse på ruteren, som jo kan sitja 3–3. Men du bør òg vie nokre tankar til eit mogleg innspel mot aust. Når éin motspelar har nesten alle forsvarets honnørar, og i tillegg lengda i ein farge der speleførar sjølv har lengd, vil han veldig ofte vera mogen for ein eller annan innspelsvariant. 
 
Men fyrst, altså, ruter konge og ein ruter. Vest går i med tiaren, og den kan han jo eigentleg like gjerne få for. Du kan då ta ruter ess etterpå, og framleis ha initiativet anten fargen sit eller ikkje. Men akk: I denne ruterrunden kastar aust ein spar. Vest skifter no til ein liten spar, du legg liten i bordet, og aust vinn med kongen og held fram med nok ein spar, til esset.
 
Det var altså inga framtid i ruteren. Det gode er at du no veit at aust har «alt» i kløver, for utan poeng i ruter og med berre 5 eller 6 poeng i majorfargane, må han ha 6 poeng i kløver for å ha så mykje som 11 totalt. Du må no ta for ruter ess, for bordet har jo ingen fleire inntak. Aust kastar ein kløver, og det tyder veldig på at fordelinga hans frå start var 3–5–1–4, for om han no hadde hatt ein verdilaus spar, ville han ikkje heller ha kasta den? Du bør halde på kløveren din som eit vern mot honnørane i aust, altså kastar du ein hjarter.
 
No er det ikkje anna å gjera enn å dra kløver knekt, og sjå kva som hender. Aktuelt dekkjer aust med dama, som du tek med kongen din. Idet du tek for spar dame, er situasjonen denne:

 
-
6
9 7
10 5 2
 
kn 10 7
-
D kn
8
-
10 9 5 2
-
E 9
 
D
K kn 4
-
7 4
 


Aust er fanga. Kastar han kløver ni, dukkar du ein kløver til esset, og resultatet blir eit overstikk. Kastar aust derimot ein hjarter, er det berre å spela han inn i den fargen, og han må til slutt gje bordet kontraktstikk for kløver ti.
 
Heile spelet såg slik ut:

 
E 2
8 6
E 9 7 6 4
kn 10 5 2
 
kn 10 7 5 3
7
D kn 10 8 3
8 6
K 9 8
D 10 9 5 2
2
E D 9 3
 
D 6 4
E K kn 4 3
K 5
K 7 4
 


Resultatet blir sjølvsagt det same om aust i staden stikk kløver knekt frå bordet med esset. Han må då i sluttposisjonen spela frå kløver dame opp i den kombinerte saksa, i staden for frå esset opp mot tiaren. 
 
3 grand står alltid i teorien, men forsvaret fekk faktisk ein sjanse til å beite kontrakten, idet vest vart foræra eit stikk i ruter. I staden for ein spar, må aust i dette stikket kaste kløver. Vest skifter spar. Legg sør lågt i bordet, kan aust gjera det same, slik at sør må vinne med dama. Han er inne på feil hand, og aust kan vidare avblokkere spar konge under esset, slik at det blir opna ei kommunikasjonsline til aust. Vinn speleførar i staden sparen frå vest med esset i bordet, må aust avblokkere spar konge for å oppnå ein tilsvarande effekt.
 
Men dette blir jo veldig hypotetisk og spissfindig, og veldig lite interessant for våre kjære nybyrjarar. Så vi gjev oss medan leiken er god.  

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger