AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Rett medisin
Vekas kasus byd på ein motspelsklassikar som dukkar opp i litt ulike former no og då, og som kan vera grei å kjenne att ved neste krossveg.  
 
 
K 7 4 3
K 3
kn 4 3
K 10 8 3
 
E D kn 10 5
9 8
E D 10
D 5 2
 
VestNordØstSyd
pass1 sp4 hj
passpasspass

 
Du hadde sjølvsagt opna 1 grand på aust sine kort, men la oss seia at du valde 1 spar, til dømes fordi du og makkeren din denne kvelden hadde avtalt å prøve veike grandar.
 
Spar seks kjem ut, til liten i bordet, tiaren og steling. Makker hadde altså ikkje til å støtte til 4 spar trass i firekorts der, men i staden for å gruble på kor mange stikk di eiga side har i sparkontrakt, bør du no konsentrere deg om å få så mange stikk som mogleg mot 4 hjarter.
 
Sør spelar omgåande kløver knekt, til sjuaren hjå makker og dama di. Kva no?
 
Det du forventa, var kanskje at sør ville byrja ta ut trumfen allereie i stikk to. At han i staden spela kløver, bør gjera deg mistenksam.
 
Sør har altså ingen spar, og venteleg minst sju hjarter. Om han har fire kløver, verkar det som galskap å spela kløver straks, så det er truleg at sør har maks tre kløver, og prøver å utnytte kløverfargen. Til kva? Jo, sjølvsagt til å bli kvitt ruter.
 
Av dette fylgjer det at ruteren må i vinden, men kva ruter skifter du til?
 
Heile spelet såg slik ut:

 
K 7 4 3
K 3
kn 4 3
K 10 8 3
 
9 8 6 2
kn 4
9 8 5 2
E 9 7
E D kn 10 5
9 8
E D 10
D 5 2
 
-
E D 10 7 6 5 2
K 7 6
kn 6 4
 

 
Ved bordet la aust ned ruter ess. Vest la svakheit, og i den augneblinken innsåg aust feilen sin. Ho heldt likevel fram med ruter i von om å lure speleførar til å gjera feil, men sør såg òg niaren i vest i runden før, og vinstsjansane ved å stikke ruteren verka ikkje så gode. Så ruter ti fekk gå til knekten, og etterpå hadde forsvaret berre eit kløverstikk å få. Men hadde ikkje aust halde fram med ruter etter esset, ville sør fått sett opp kløveren til eit ruteravkast.
 
Det korrekte skiftet er ruter dame, som sør må vinne med kongen. Når så vest kjem inn på kløver ess – som aust kan vera rimeleg trygg på at vest har – vil ein ruter igjennom knekten gje forsvaret to ruterstikk og beita.
 
Merk den gode speleføringa: Om sør tek ut trumfen før han spelar kløver, vil forsvaret veldig ofte kunne liggje unna ein kløverrunde, og såleis bryte sambandet med bordet. Då vil sør nesten alltid bli sitjande att med to rutertaparar.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger