AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Meisterleg rutine
Finalen i NM for klubblag vart ein parademarsj for Studentenes BK, og det er berre å stille seg i rekkja av gratulantar.
 
Vekas spel nådde aldri bulletinane, og det var kanskje ikkje mange som tenkte så nøye over det då det førekom, men det inneheldt eit klassisk poeng som fort kunne vore skilnaden på heimgang og beit. Nybakt noregsmeister Petter Eide synte at han har den gode teknikken i ryggmergen. 

 
E D 7
7 5 2
E D 9 7 4 2
kn
 
 
K kn 9 2
E K 4 3
8 3
E 7 3
 
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass3 grpasspass
pass


Nord kunne nok ha meldt meir vitskapleg. Men idet vest byrjar med ein spar, verkar det fordelaktig at nord ikkje prøvde seg med Stayman, for ein kunne fort ha fått ei utspelsdirigerande dobling og eit ukomfortabelt kløverutspel på seg. No når du var så heldig å ikkje få kløver ut, korleis planlegg du spelet i 3 grand – vel å merkje i lagkamp?
 
Du har fire sikre sparstikk, to hjarterstikk og to minoress, og spørsmålet er berre kor det niande stikket skal koma ifrå.
 
Idet du får dette spelet som ei oppgåve, bør det knapt vera eit problem lenger. Men i oppgjeret mellom Studentenes BK og bronsemedaljør Sortland BK, må det vera lov å seia at den eine speleføraren feila grovt, sjølv om han vann 2 IMP på spelet.
 
Syndaren vann utspelet på handa, og drog straks ein ruter til dama. Då ho heldt, og ruteren synte seg å sitja 3–2, hadde han tolv enkle stikk, 690. 

 
E D 7
7 5 2
E D 9 7 4 2
kn
 
10 6 4 3
D 8 6
K kn 10
9 5 4
8 5
kn 10 9
6 5
K D 10 8 6 2
 
K kn 9 2
E K 4 3
8 3
E 7 3
 


Petter Eide for Studentenes BK noterte berre 630, men spela betre.
 
Viss ruterfinessen ryk, som han unekteleg vil gjera i kringom 50 prosent av tilfella, vil aust nesten alltid finne kløverskiftet. Sit kløveren no jamt hjå motparten, kan kontrakten berre vinnast om vest byrja med knekt, ti dobbel i ruter. Sit kløveren 6–3, går det framleis bra om same spelar byrja med tri kløver og tri ruter, då kløveren kan dukkast to gonger, og ruteren deretter etablerast ved å spela esset og ein til. Men dette er ikkje eit hyggeleg scenario for speleførar.
 
Med åtte toppstikk er ein ikkje avhengig av langfargestikk i ruter, finessen er nok. Men det finst ein openberr tilleggssjanse, nemleg at hjarteren sit 3–3 hjå motparten.
 
Petter Eide vann utspelet i bordet – ein liten psykologisk detalj, som kan auke sjansen for at motparten vel å halde fram i spar idet dei kjem inn – for deretter å dukke ein hjarter. Etter kløverskiftet, dukka to gonger, kunne Eide teste hjarteren. Då han sat 3–3, var han ikkje lenger avhengig av ruterfinessen for å vinne utgangen.
 
Sjølv om det altså enda med tapt spel denne gongen, er det kanskje slike detaljar som skil ein gullmedaljør frå den store massen? Gratulerer igjen til Studentenes BK!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger