AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
To gonger ni
Det har vore litt rabalder kring Geir Helgemo og Tor Helness i det siste. Men i spalta vekas spel er det sjølvsagt ikkje den slags vi skal diskutere.
 
Helgemo er ein av fåe spelarar med så mange fantastiske spel bak seg, at det har vorte ei heil bok av det. Men denne vekas spel, som skriv seg frå noko såpass kvardagsleg som ein krinskamp i Trondheim, er ei lita perle som aldri har nådd noko stort publikum.

 
kn 8 7 4
D 9 2
K D 10 5
7 5
 
6 3
10 6 3
kn 9 8 7 4 2
kn 2
E 9
E K kn 8 5
E 6 3
K 9 4
 
K D 10 5 2
7 4
-
E D 10 8 6 3
 
 
VestNordØstSyd
Helgemo
2 gr3 kl
passpasspass

 
Meldingsforlaupet var spesielt, men ikkje så unaturleg. Då Helgemo oppvurderte den gode 19-poengaren sin til ein 20–21-grand, fekk sør eit meldeproblem. Han og makkeren hadde ingen spesielle avtaler om forsvar mot sterk 2 grand (har du sjølv og din makker det?), så han fall ned på å melde den lengste fargen sin. Då det gjekk pass rundt, som han neppe hadde venta, var han finta ut av ein enkel 4 spar.
 
Mange ville vel ikkje hatt disiplin til å passe i utdøyande posisjon med Helgemo si hand. Men han hadde jo allereie synt styrken sin, så då vest ikkje hadde noko å melde, fekk det døy i 3 kløver.
 
Dette ser i det minste ut som ein kontrakt som står. Ut kom spar seks, som gjekk til liten i bordet, og … Mange ville, utan å tenkje seg om, ha stukke med esset. Men då Helgemo no såg på seksaren, sjuaren, åttaren og niaren i spar, var det nesten sannsynleg at det norske utspelet måtte vera toppen av ein dobbelton. Så han greidde å nøye seg med spar ni, eit verdifullt trekk, fordi det nekta speleførar inngang i bordet til den markerte finessen på kløver dame.
 
Sør måtte dimed spela trumfen frå handa. I utgangspunktet er det eit reint val om ein etter kløver ess skal spela dama eller ein liten. Det fyrste blir rett om trumf knekt sat dobbel frå start, det andre blir rett om kongen sat dobbel.
 
Men under kløver ess fylgde Helgemo med kløver ni. Det finst eit utal av situasjonar i bridgen der niaren er eit nyttig falsecard – så også her. Ettersom aust var markert med kløver konge, verka det no naturleg å spela på konge, ni dobbel hjå han, ved å spela ein liten frå handa. Kanskje var det usannsynleg at Helgemo skulle ha byrja med dobbelton i båe dei svarte fargane, men umogleg var det slett ikkje; 2–4–5–2 er ei tillaten fordeling for opning 2 grand.
 
Aktuelt fekk vest for kløver knekt, som saman med kløver konge, to hjarterstikk og spar ess gav ei overraskande beit. Det var ikkje mange som hadde score aust–vest på dette spelet.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger