AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Stilpoeng
Det er mange val ein skal ta ved bridgebordet. Til dømes må ein av og til velja om ein skal gå for den trauste varianten som ingen kan kritisere, eller den kule varianten som hamnar i avisa eller på internett når han blir rett, men som avføder sjikane når han blir feil.
 
Fyrstedivisjonsspelar Olav Arve Høyem frå Lundamo er kul nok til å gå for det kule, for ein plass i historiebøkene. 

 
kn 8 7
E K 4
D kn 8 6
kn 8 3
 
 
E K D 6 2
kn 9 8
E 5
K D 7
 
 
VestNordØstSyd
Tor EivindArnfinnLars A.Olav Arve
GrudeHelgemoJohansenHøyem
passpasspass2 gr
pass6 grpasspass
pass


Spelet dukka opp under ein krinskamp i den såkalla Trondheimsserien. Nord valde å passe i opning, noko dei færraste gjer i våre dagar med 12 honnørpoeng. Men han kom sterkt attende, då Høyem i fjerdehand oppvurderte sin glimrande 19-poengar til ein 20–21-grand. 6 grand er nok i friskaste laget, for den gamle regelen om at slem i grand krev 33 kombinerte honnørpoeng, gjeld nok enno i stor grad for balanserte hender som desse. Så 4 grand hadde vel kanskje vore meir enn nok. Slemmen er dårleg, men om ruter konge sit riktig, er ein iallfall i nærleiken av heimgang.

Kløver ti kom ut til esset, og ein ny kløver attende. Ein spar gjekk til knekten, så ruter dame som fekk vandre rundt. Så langt alt vel; problemet no er hjarteren.

Høyem hadde ei kjensle av at hjarter dame var i vest, for aust hadde jo allereie synt fram kløver ess og ruter konge, og etter gamle jungellover er dei uteverande honnørane vanlegvis noko lunde jamt fordelte mellom motstandarane.
Høyem vurderte både å dobbelkutte hjarteren gjennom vest og å legge ned ess og konge i von om å finne dama dobbel. Men så oppdaga han sjansen for å få til eit langt meir spektakulært spel. Kva om vest har hjarter dame og aust har hjarter ti? Hjarterhaldet kan overførast til aust ved å dra hjarter knekt frå handa, som vest naudsynlegvis må dekkje. Aust er jo markert med ruter konge, og idet dei resterande svarte stikka no kjem i vinden, vil fylgjande situasjon oppstå:

 
-
K 4
kn 8
-
 
-
7 5
10 4
-
-
10 6
K 9
-
 
6
9 8
E
-
 


Det skal seiast at aust i det aktuelle scenarioet har lagt eit egg ved ikkje å dekkje ruter dame, men det er ei anna sak. På den siste sparen forsvinn hjarter fire frå bordet. Aust er no utsett for ein såkalla criss-cross-skvis. Han kan ikkje halde hjarter ti dobbel og ruter konge dobbel. Blankar han hjarter ti, går ein hjarter til kongen og ein ruter til esset, før hjarter ni tek siste stikk. Blankar han ruter konge, tek sør ruter ess før han spelar hjarter til kongen og vinn kontrakten på den høge ruter knekt.
 
Slik spela Høyem. Etter ruter dame spela han spar til handa og drog hjarter knekt, til dama og esset. Deretter gjekk han for criss-cross-skvisen. Fantastisk, eller kva? Det var berre det at det ikkje sat som skissert over, men derimot slik: 

 
kn 8 7
E K 4
D kn 8 6
kn 8 3
 
9 4 3
D 10 5 2
10 4 3
10 9 4
10 5
7 6 3
K 9 7 2
E 6 5 2
 
E K D 6 2
kn 9 8
E 5
K D 7
 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger