AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Siste sjanse
Av og til er det å gå eit par udobla sonebeiter det beste ein kan håpe på. Vekas spel er frå Noregs kamp mot England i EM for nasjonslag på Madeira.
 
Vi har vel alle vore der: Vi veit ikkje om makkers melding er krav eller ikkje. Melder vi vidare, kjem vi altfor høgt og går masse beit. Passar vi, hadde makker tidenes kort og slem var nedlegg.

 
E K 10 8 2
6 4
7
E 8 7 6 2
 


Dette er korta du har utstyrt deg med i nord med alle i sona, idet du høyrer aust opna i ein konstruktiv svake 2 hjarter. Makkeren din melder inn 3 ruter, vest 3 hjarter. Fyrste spørsmål: Kva melder du no?
 
I mitt hovud er 3 spar temmeleg opplagt. Det syner femkorts spar, og er, slik dei fleste spelar, ikkje passbart.
 
Så går det pass og 4 ruter fra makkeren din, og pass i vest. Kva no?
 
Denne situasjonen er det nok færre som har ei klår avtale på. Du har altså meldt noko som var krav, men kanskje ikkje utgangskrav? Kva blir då 4 ruter, er det krav eller ikkje?
 
I nokre tilfelle vil det utvilsamt vera praktisk å ha den meldinga som krav. På den andre sida risikerer ein definitivt å koma før høgt om dette skal vera krav. Sør har riktig nok lova ei brukbar hand ved å melde inn i sona, men så har han altså vorte tvinga til å melde over 3 spar, og om nord no i tillegg skal vera tvinga til å melde vidare … To småe hjarter er dårlege kort, det er lynfort to hjartertaparar, og då må resten vera tett om 5 ruter skal stå. Burde ikkje sør i så fall greie å melde 5 ruter sjølv?
 
Her er heile spelet, med meldingsforlaupet på båe bord:

 
E K 10 8 2
6 4
7
E 8 7 6 2
 
9 7 6 4
E 10 8
K 10 8 4
kn 10
kn 5 3
K D kn 9 3 2
3
K 9 5
 
D
7 5
E D kn 9 6 5 2
D 4 3
 

 
Vest            Nord                    Aust                     Sør
Green         Grude                  Tommasini           Helgemo
                                                2 hj                      3 ru
3 hj              3 sp                     pass                    4 ru
pass           pass                     pass
 
Bakke         Norton                 Brogeland             Bell
                                                2 hj                       3 ru
3 hj              dbl                       pass                      4 ru
pass           4 sp                      pass                      5 ru
dbl              pass                     pass                      pass
 
Grude tok seg ein god tenkjepause før han passa 4 ruter. Det var ei avgjerd verd rundt 12 IMP, for melder han – å lyfte til 5 ruter er vel i så fall einaste alternativ – er det liten tvil om at ei dobling vil smelle frå vest.
 
4 ruter gjekk to udobla beit, medan 5 ruter på det andre bordet gjekk tre dobla beit. Men der vil eg seia at nord måla seg inn i eit hjørne med den responsive doblinga over 3 hjarter. Det ville ha vore ei grei melding med fire eller fem dårlege spar, men med fem gode spar og ei hand som normalt er nær utgang, byd det på ein del openberre vanskar å doble. Han kunne/burde ha gissa på pass på 4 ruter, men følte vel no at han hadde uforretta sak. Sør på si side kunne truleg ha berga til corner ved å passe 4 spar, men han trudde vel ikkje at nord kunne ha all verda til spar når han ikkje melde spar direkte.  
 
Noreg vann kampen 36–20 i IMP, 14,18–5,82 i VP.

Av Erlend Skjetne