AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Teften i orden

Det finst mykje teori ein kan lene seg på i bridgen. Men av og til er det berre table-feeling som dug. I vekas spel viser nederlandske Bauke Muller fram ein heil del av nettopp dette. 

 
K D 10 9 6 5
D kn 4
3 2
9 6
 
kn 4 3 2
K 7 3
5
K 10 7 5 2
8
9 8 6 5 2
10 8 7 4
kn 8 3
 
E 7
E 10
E K D kn 9 6
E D 4
 

 
Dette spelet, som har vore omtala diverse andre stader òg, er frå runde 18 i grunnspelet i Bermuda Bowl, då dei sterke laga Nederland og USA 2 barka saman i eit dramatisk oppgjer, som Nederland til slutt vann suverent. Det skulle vise seg å vera ein peikepinn på utviklinga: USA 2 kom riktig nok med god margin til sluttspelet, men dei tapte i kvartfinalen mot Noreg, medan Nederland gjekk heile vegen til finalen, og nesten vann denne òg. 
 
På det eine bordet i kampen landa Vincent Demuy i 7 grand (visstnok etter meldingsforlaupet 2 kløver sterkt–2 hjarter som synte spar og ei positiv hand–7 grand). Kontrakten gjekk to beit.
 
Eg skal ikkje prøve å presentere meldingsforlaupet til Bauke Muller–Simon de Wijs, for dei spelar eit avansert kløversystem. I alle fall hamna Muller i 7 ruter, og fekk ruter fem ut.
 
Som vi ser er kontrakten glimrande: Om både sparen og ruteren ordnar seg, er det fjorten ess. Men med sparen 4–1 er det fare på ferde.
 
Det mest tilforlatelege er å ta seks ruterstikk. På desse er vest svært pressa, men sør veit jo ikkje at vest har båe kongane. Det har vorte skrive om moglegheita for å spela på skvis, og det fungerer saktens når vest har «alt», men faktum er jo at speleførar har ein openberr tilleggssjanse om sparen skulle syne seg å sitja 4–1, nemleg at båe kongane sit i kapp: Etter å ha teke tre sparstikk med avkast av kløverfilla, kan han dra hjarter dame. Står denne, må han etterpå spela kløver til kapp. Blir derimot hjarter dame dekt, kan han etterpå stikke over hjarter ti og ta kløverkappen òg.
 
Som vi ser, fungerer ikkje denne kortføringa slik det sit. Bauke Muller gjorde det annleis: Etter fire ruterstikk, spar ess og eitt ruterstikk til, spela han spar til tiaren! Dimed var han attende på fjorten stikk, og kunne notere 17 IMP i riktig kolonne.
 
Sjølv om vest var kort i ruter og sikkert brukte litt tid på å kaste på alle ruterstikka, trur eg ikkje ein kan påstå at Mullers variant var med oddsen. Om eg eller du hadde spela slik, ville aust ha teke beita på spar knekt (og då ville det òg ha vorte fleire beit), medan alle andre i salen hadde fått fjorten stikk. Men Muller skjøna altså, på eit eller anna vis, korleis det sat.

Noreg fekk 14 litt heldige IMP på dette spelet, då Livgård–Aa stogga i 6 ruter, medan 7 grand på det andre bordet gjekk tre beit. Noregs motstandar var Uruguay.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger