AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Aldri et keisamt spel
Mellom bridgeekspertar finst det mange slags metodar, mange slags stilar. Skilnadene på desse to områda kan gje seg store utslag, som innimellom kan verke noko vilkårlege. Her er eit døme frå den andre kampen i NM Monrad Lag på Lillehammer, mellom lag Lensmann og det som etter kvart skulle bli vinnarlaget, lag C.

 
D 7 3
8 7 5
E K 6 3 2
E K
 
9
E kn 9 6
8 4
8 7 6 5 4 3
K kn 10 8 2
D 10 3
9
D 10 9 2
 
E 6 5 4
K 4 2
D kn 10 7 5
kn
 

 
                   Vest                     Nord                   Aust                     Sør
                   S. A. Bøe            T. E. Grude        E. Berg                C. Bakke
                                                1 gr                     2 kl1)                   dbl
                   4 kl                       pass                   pass                    dbl
                   pass                    pass                    pass
 
1) Kløver og ein major
 
                   Vest                     Nord                    Aust                      Sør
                   F. Helness          G. Nordby            E. Erichsen         E. Morken
                                               1 kl2)                    1 sp                      1 gr
                   pass                    3 gr                       pass                     pass
                   pass
 
2) 14–19 balanserte, med meir
 
Dette spelet var fort unnagjort på svært mange bord i feltet: Nord har 16 balanserte honnørpoeng og opnar 1 grand; dei færraste i aust føler at dei har til å melde noko, sør bruker Stayman og finn at makker ikkje har nokon major, for så å avslutte med 3 grand. Aust har utspelet, og det er vel ikkje direkte unaturleg å sørve spar, som aktuelt blir lagnadstungt: Speleførar får det niande stikket servert, 600 inn – men slik går det vel fort på det andre bordet òg?
 
Nei då, over ser vi meldingsforlaupa på dei to borda i nemnde lagkamp. Erik Berg fann altså krefter til å melde inn 2 kløver over 1 grand, som eg formoder synte kløver og ein major. Han trefte makkeren med inkje mindre enn sekskorts stønad. Doblingane frå Christian Bakke var båe negative, men Tor Eivind Grude gjorde det beste han kunne ved å passe ned den siste. 4 kløver gjekk éi beit, 200 nord–sør. Det må likevel ha kjendest som eit godt resultat for aust–vest, for som sagt: Det blir vel fort 600 på det andre bordet?
 
Nei då. Gunnar Nordby–Even Morken brukte tydelegvis eit noko aparte system. Meldinga 1 grand med esset tynt fjerde i spar kan nok likevel diskuterast, 2 ruter er kanskje betre, men om kontrakten no hamnar i nord, har Erichsen i alle høve ein god sjanse for å unngå sparutspel.
 
Med kløver ut vil speleførar sannsynlegvis berre måtte ta nokre ruterrundar og så satse på hjarter ess framfor, som altså ikkje fungerer.
 
Aktuelt kom spar ni i utspel frå Helness, og kistebeit er det med dette utspelet òg, men på alle ruterstikka fekk Erichsen litt vanskar med å kaste. Han fekk tydeleg styrke i hjarter frå makker, så det enda med at han saka alle hjarterane sine. No kunne (eller burde?) Morken ha vunne kontrakten ved å cashe kløveren før han spelar hjarter til dukk. Aktuelt ville vest såleis ha vorte sluttspela (om aust held på eit inntak i kløver, er det i staden han som blir sluttspela og må gje bordet stikk for spar dame). Men Morken spela hjarter før kløver, og dimed hadde vest frikort og kontroll. Éi beit.
 
Resultatet vart altså 7 IMP til lag C, som like fort kunne vorte 9 IMP til lag Lensmann. Lag C vant kampen 14–9 i IMP, 12,18–7,82 i VP – før dei seinare gjekk hen og vann heile tevlinga. Gratulerer til Espen Erichsen–Fredrik Helness og Tor Eivind Grude–Christian Bakke!

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger