AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Sparekonto
Vi har nok alle opplevd at det er fort gjort å gjera ting på autopilot i bridge. Å ikkje stoppe opp og tenkje seg om, får gong på gong store konsekvensar. Her er eit spel frå Realbridge online lag. 
 
 
8 7 3 2
7 4
10 9 8
E D 7 2
 
K kn 10 5 4
10 6
K 7 6
K kn 6
 
VestNordØstSyd
1 ru
pass1 sppass2 hj
pass2 grpass3 hj
pass5 rupasspass
pass

 
Du sit i aust. Etter dette meldingsforlaupet byrjar makkeren din motspelet med spar ess, som sør fylgjer med dama på. Ny spar går til tiaren din og steling i sør. Det neste som skjer, er at sør spelar ess, konge i hjarter og ein tredje ein til steling i bordet. Vest fylgjer med femmaren, trearen og åttaren. Korleis planlegg du motspelet?
 
Meldingsforlaupet har gjeve bra med informasjon. Ved å melde ruter fyrst og så hjarter to gonger, har sør synt fram minst seks ruter og fem hjarter. Ettersom sør ikkje lenger kan ha 7–6 i dei fargane, byrja han nok med eksakt fem hjarter (makkeren vår var jo til og med så velvillig å leggje fordeling). Det verkar dessutan truleg at vest har hjarter dame att, for om sør har denne, ville han nok ha prøvd litt trumfspeling før han gav seg i kast med hjarteren. 
 
Makkeren vår har høgst singel ruter. Er denne singeltonen ein dverg, kan det umogleg vera beit; vi må gå ut frå at makker har singel honnør. Har han esset (svært usannsynleg, sidan sør har synt reversstyrke), blir det sjølvsagt beit same kva vi gjer. Kva om makker har singel knekt? Då kan nok sør alltid vinne kontrakten, men vi har iallfall ingen sjanse om vi stel over: Sør får etterpå stole ein hjarter til, og ruter knekt vil ramle under ess og dame.
 
Den einaste reelle beitesjansen ligg i at vest har singel ruter dame. Ser vi nøye på konge, sju, seks i ruter, i kombinasjon med ti, ni, åtte i bordet, bør det ha gått opp for oss at det finst eit potensiale her. Men igjen er alt slutt om vi stel over. La oss seia at vi spelar trumf attende: Ettersom vi fordrar at sør treng å stela ein hjarter til, vil det ikkje ha noko føremål for han å kutte ruteren, for om kutten skulle gå, vil vi jo likevel kunne stela over med ruter dame i neste stikk. Altså kan sør like gjerne stikke med ruter ess, som kostar makkeren vår dama.
 
Løysinga er å ikkje stela over. Det som no skjer, er truleg at sør dreg ein trumf til esset. Når dama fell i vest, prøver han å stela endå ein hjarter. Men igjen kastar vi eit kort. No er bordet fritt for trumf, og konge, sju i ruter har vorte to stikk over sørs knekt, fem!
 
Heile spelet:

 
8 7 3 2
7 4
10 9 8
E D 7 2
 
E 9 4
D 8 5 3
D
10 9 8 5 4
K kn 10 5 4
10 6
K 7 6
K kn 6
 
D
E K kn 9 2
E kn 5 4 3 2
3
 

 
Ved bordet stal aust over fyrste hjarter med ruter konge, og spela ny ruter. Sør brukte ikkje mange sekundane på å stikke med esset, dama fall, og ein hjarter til kunne stelast med ruter ti. Så fylgde kløver ess, kløver til steling og ruter knekt, som trekte ut aust sin siste trumf, før hjarterkvisten òg var ein vinnar. Elleve stikk – eit reint påtråkk.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger