AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tosidig redning
Vekas spel skriv seg frå Troms og Ofoten bridgekrins sitt 80-årsjubileum, som vart feira med ei 52 par stor partevling i Tromsø nyleg. Klåre vinnarar vart Johnny Reinholdtsen–Frank Ivar Falsen, føre Randi Marie Olsen–Jan H. Olsen og Brit Helen N. Solum–Skjalg Solum.
 
Aust–vest spela plagsamt godt imot i fylgjande utgang, men det fanst eit halmstrå å klyngje seg til for sør.

 
E kn 10 9 3
K 10 8
8
E K 7 2
 
K D 7 6 4
E
10 7 6
D 9 6 5
2
9 4 3
E K D 9 4
kn 10 8 3
 
8 5
D kn 7 6 5 2
kn 5 3 2
4
 
 
VestNordØstSyd
3 hj
pass4 hjpasspass
pass


Vest byrja med spar konge, og sør såg lyst på kontrakten. Mange ville nok på refleks, etter å ha stukke med spar ess, teke ess, konge i kløver for å kaste spartaparen. Det går faktisk bra denne gongen, men det er fordi trumfen sit slik at forsvaret berre får spela éin trumfrunde. I dei fleste tilfelle vil trumf og trumf frå motparten gjera at sør blir hengjande med ein rutertapar for mykje.
 
Det er eit alternativ å kontre med spar i andre stikk, men det er litt risikabelt om vest har spela ut frå kort spar. Også slik korta sit, leier den føringa teoretisk sett til beit. Sør valde heller å byrja der det var mest arbeid å gjera, i ruter. Spelar motparten etterpå trumf og trumf, vil det normalt gå bra å setja opp sparen for heimgang.
 
Aust vann fyrste ruter med dama, og skifte trumf til esset. Tek vest no for spar dame, eller spelar han minor attende, er alt is og brus. Men vest fann det kritiske skiftet til liten spar, slik at aust fekk stela. Aust skifte attende til trumf, og no såg det ikkje grønt ut for sør. Forsvaret har fått tri stikk, vest har kontroll på sparen, og sjølv om sør kan stela éin ruter og kaste éin på ess, konge i kløver, har han ein rutertapar att.
 
I eit slikt tilfelle, der eit stikk må koma ut av det blå, er det oftast skvisen som kan hjelpe. Inne i bordet på hjarter ti, fylgde til spar til steling, ruter til steling og ny spar til steling. Sør tok for hjarter dame, og deretter var situasjonen fylgjande:   

 
kn
-
-
E K 7
 
D
-
-
D 9 6
-
-
E
kn 10 8
 
-
kn
kn 5
4
 


På hjarter knekt måtte vest kaste kløver, og spar knekt i bordet hadde gjort nytta. Men kva skulle aust no kaste? Han måtte halde ruteren, så dimed vart det kløveravkast derifrå òg. Ess, konge, sju i kløver tok dei tri siste stikka, etter ein klassisk dobbeltskvis.
 
Det skal seiast at trumf i utspel beitar kontrakten, men det var ingen spesiell grunn til å finne den sørven. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger