AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein lekker lasj
Det gjekk ikkje i gleda for det norske U26-laget i Ungdoms-EM. Resultata vart for ujamne, og på den endelege tabellen var det langt opp til den fordrøymde sjetteplassen, som gjev billett til VM.
 
På akkurat denne plassen enda England, eit lag som diverre fekk ein storsiger då dei møtte Noreg, i runde 18 av denne lange serietevlinga. Fylgjande spel var eitt av fleire som gjekk Englands veg, etter ein svært aktuell variant av den unge Alex Roberts.

 
K 8 6 5
E D kn 10 6 3
3 2
6
 
9 7
9 5 4
E 6 4
E D 9 8 4
D kn 10
K 8 7 2
K 10 8
10 7 2
 
E 4 3 2
-
D kn 9 7 5
K kn 5 3
 
 
VestNordØstSyd
GundersenKennedyScheieAlishaw
pass1 ru
pass1 hjpass1 gr
pass3 kl1)pass3 sp
pass4 sppass rundt
ShahBakkeRobertsFlått
pass1 ru
pass1 hjpass1 sp
pass2 ru2)pass3 kl
pass3 sppass4 sp
pass rundt
1) Ei slags søkjemelding

2) Kunstig utgangskrav

 
Britane hadde eit noko underleg meldingsforlaup, men kontrakten vart den same på båe bord. Utgangen er i teorien stein daud, men det er no ein gong ein kontrakt det er vanskeleg å unngå å koma i; korta passar tilfeldigvis ikkje saman.
 
Men så vart det likevel interessant, for av ein eller annan grunn valde båe vestspelarane å sørve ein hjarter. Eg forstår ikkje heilt logikken bak det utspelet. Makkers eventuelle hjarterstikk forsvinn nok ingen stad med det fyrste; tvert imot er det jo slik at viss makker har noko i hjarter, så manglar speleførar høge kort over alt, og vi burde ha spela ut trumf for å avgrense stelesjansane hans.
 
Ja, eg vil påstå at trumf peikar seg ut som eit naturleg utspel, og i dette tilfellet ville det då også førd til beit. Speleførar kan be om spar konge i bordet og straks setja i gang med hjarteren, men han har ikkje noko omgåande inntak til å få henta stikka i hjarter, så motparten får med seg minorstikka sine i tide.
 
Hjarter ut var derimot ei gedigen gåvepakke, og briten Michael Alishaw fekk det svært lett: Han bad om hjarter dame frå bordet, og Marcus Scheie i aust stakk naturleg nok med kongen. No kunne Alishaw trumfe og ganske enkelt dra spar ess og spar til kongen, deretter hjarter frå topp. Sidan Scheie måtte fylgje heile tri gonger før han endeleg kunne setja i trumf på den fjerde, rakk briten å bli kvitt heile kløverleksa si. Han fekk dimed berre to rutertaparar i tillegg til spartaparen, for ein smellfeit 620.
 
Med det same utspelet frå britiske Shivam Shah, la også Espen Flått hjarter dame frå bordet. Eg ville nok òg ha stukke i aust, i den tru at makkers hjarterutspel måtte vera ein singleton, og at speleførar ikkje hadde andre sjansar enn å leggje dama. Men Alex Roberts las hjartersitsen riktig, og la glatt ein liten!
 
No forstår eg veldig godt at Flått trudde hjarter konge måtte vera i vest. Då var den einaste vinstsjansen at han byrja med kongen tridje, så Flått spela hjarter ess og ein liten hjarter til steling. Dimed var kontrakten daud igjen, og England kunne notere seg for 12 IMP på vegen mot siger 17,63–2,37 over Noreg. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger