AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein fin dag i beverfamilien
Far Børre «Beveren» Lund var svært nøgd med sonen Markus i vekas spel, som skriv seg frå 3. divisjonspulja på Oppdal nyleg. Hadde du lese sitsen like godt som unge Markus?

 
E 10 5
E 6 5 4
kn 8 2
10 9 6
 
 
K kn 9 6 3
K 8
E K 6
E K 4
 


Du syner ein 22–23-grand med femkorts spar. I det ambisiøse hjørnet tidleg i tevlinga, legg din gamle far kontrakten i ballharde 6 spar, som du skal drible heim med hjarter knekt i utspel. Familielykke eller familietragedie – alt kjem an på korleis du fører korta.
 
For å ta vare på det vesle som finst av kommunikasjon, får hjarteren gå til kongen. I neste stikk lokkar du med spar knekt, og er så heldig at vest legg på dama. Etter esset tek du spar ti, og vest kastar ein kløver.

Sei at du no lokkar litt meir med kløver ti. Aust fylgjer lågt. Det er liten grunn til å la denne gå, så du stikk med esset. Du har tilsynelatande to moglegheiter: Ruter dame kan sitja laust, eller det kan oppstå ein type skvis og/eller innspel – utan at du heilt veit korleis. Uansett kan du like gjerne dra resten av trumfen, la motparten sveitte litt.
 
Vest skal gjera tri avkast til. Han kastar relativt lett endå ein kløver og ein ruter, men han tenkjer litt før han kvittar seg med ein liten hjarter. Frå bordet legg du ein hjarter og ein kløver. Aust skal gjera eitt avkast, og vel ein liten hjarter. Kva no?

Det er sjølvsagt lurt å sjå an kven ein spelar mot. Men mot moderat motstand, er det neppe så sannsynleg at ein motspelar har kasta seg ned på dama dobbel i ruter.
 
Det kan vera eit innspel i kløver mot vest; i så fall må du no spela hjarter til esset, kløver til kongen og kløver. Men Markus Lund trudde ikkje på ruter dame i vest. Han tok heller for kløver konge – at dama fall i aust, var lovande. Berre tri hjarter var no att hjå forsvaret; Lund  spela hjarter til esset og hjarter. Det vart veldig riktig, då heile spelet såg slik ut:   

 
E 10 5
E 6 5 4
kn 8 2
10 9 6
 
D
kn 10 3
10 7 5 3
kn 8 5 3 2
8 7 4 2
D 9 7 2
D 9 4
D 7
 
K kn 9 6 3
K 8
E K 6
E K 4
 


Aust kom inn på hjarter dame, kløverfilla forsvann frå handa, og aust måtte spela ruter opp i den kombinerte saksa.
 
980 var ein einsam topp i heile feltet. Du ser vel den lagnadstunge feilen i vest? Det er ikkje så gøy for han å gå ned på ruter ti dobbel, men han må halde hjarteren sin. Om Lund går for den same innspelsvarianten – kanskje mindre truleg med andre avkast imot – må aust avblokkere hjarter dame under esset, for å unngå å bli spela inn. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger