AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein intrassant finesse
Intrafinessen er ein spennande teknikk som dukkar opp i stendig nye forkledingar. I vekas spel frå NM veteranlag og NM damelag, som Halldor Barikmo i Sør-Trøndelag har tipsa oss om, var intrafinessen kanskje den beste sjansen for heimgang?
 
Sei at du har hamna i 4 spar på korta under, etter 1 kløver i nord, 1 spar i sør, og pass frå forsvaret gjennom heile meldingsforlaupet. 3 grand ville aktuelt vore betre, og nokon kom seg dit, men i meldingsforlaupet er det gjerne vanskeleg å vita sikkert korleis korta passar saman.

 
E 10 5
D 9 8 3
E 10 5
D kn 7
 
 
K D kn 8 7
E 6
8 3 2
K 5 4
 


Vest byrjar med ruter konge. Kontrakten er ikkje god, men kva sjansar ser du for heimgang?
 
Vona må vera å få sett opp eit hjarterstikk til avkast av ruteren. Då er ein avhengig av at forsvaret ikkje lett kan hente to ruterstikk, så det må vera rett å dukke fyrste ruter. Skulle vest ha byrja med sekskorts, ser det sjølvsagt dumt ut. Men då hadde han vel fort meldt over 1 spar.
 
Etter ruter konge, held vest fram med ruter dame til esset. Aust fylgjer i dei to fyrste stikka med høvesvis niaren og sjuaren. Du må ta vare på kommunikasjonen, så truleg kan du like gjerne spela hjarter ess og hjarter med ein gong, sjølv om du risikerer ein ekkel situasjon viss hjarteren sit skeivt. Aktuelt fylgjer vest med toaren og så femmaren, og så spørst det kva du skal leggje i bordet.
 
At vest legg lågt frå hjarter konge er sjølvsagt mogleg, men det er i så fall ei utruleg gåvepakke. Hjarteren byd på andre moglegheiter som ikkje fordrar eit stålegg frå motparten, og den spennande varianten er å leggje lågt i bordet. Prøver du niaren, vinn aust stikket med knekten. Han held fram med liten kløver, invitt, så det ser ut som han har esset. Det er greitt å leggje kongen frå handa, for å verne om inntaka i bordet. Han står.
 
No verkar det greitt å spela spar konge og spar til esset. Idet båe fylgjer, kan du òg ta spar ti og vera inne i bordet. Vest kastar ein ruter i dette stikket. Så til det avgjerande punktet: Kva gjer du med hjarteren? 
 
Innan no har du sikkert gissa kva fasiten er:

 
E 10 5
D 9 8 3
E 10 5
D kn 7
 
6 2
10 5 2
K D kn 5 4
10 8 6
9 4 3
K kn 7 4
9 7
E 9 3 2
 
K D kn 8 7
E 6
8 3 2
K 5 4
 

 
Du må dra hjarter dame, for å presse ut kongen og felle tiaren i vest. Eg er dårleg i matematikk, så eg skal ikkje seia korleis oddsen er idet aust syner seg å ha sparlengda. Men sidan han er markert med berre dobbel ruter (elles ville han sjølvsagt ha halde fram med ruter inne på fyrste hjarter), må det vel framleis vera odds for at han har lengda i hjarter. Dessutan er det no ein gong slik at folk gjerne legg rett fordeling, så toaren og femmaren i vest kan tyde på trikorts der.
 
Berre fire speleførarar i heile NM veteranlag og NM damelag vann 4 spar, og eg veit ikkje korleis. Men kanskje var det nokon som kjende att moglegheita for ei intrafinesse i hjarter, og gjekk for denne stilige varianten?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger