AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Wrang vrengjer hjernen
Boye Brogeland og Espen Lindqvists lag Mahaffey tapte fyrste sett av finalen mot det svenskdominerte lag Ventin. Heldigvis slo dei attende i andre og tridje sett, men sluttresultatet, 95–90 til Mahaffey, røper at sigeren var hardt tilkjempa.
 
I det fyrste finalesettet fekk vi mellom anna sjå ei briljant speleføring signert den svenske landslagsspelaren Frederic Wrang. Hadde du greidd å kopiere denne? 

 
6
E K 10 6
8 7 6
E kn 5 4 2
 
 
10 4 3
D 9 8 7 5
E K kn 9 2
-
 
 
VestNordØstSyd
LindqvistHultBrogelandWrang
1 hj
1 sp2 gr1)4 sp5 ru
pass6 hjpasspass
pass
1) Stenberg


På det andre bordet vart kontrakten ein fredelegare 5 hjarter, der tolv stikk rulla inn på litt småslurv imot. I den hardmeldte slemmen stod altså ei bøtte med IMP på spel.
 
Du får kløver konge ut frå Espen Lindqvist. Sidan det ikkje er heilt klårt kva du skal kaste på kløver ess, bør du utsetja den avgjerda og heller trumfe kløveren på handa. Dinest må du spela spar, ettersom du kanskje blir avhengig av å stela fleire spar i bordet.
 
Brogeland i aust kjem inn på spar åtte, og spelar spar sju attende. Allereie no må du vera vaken og stela med hjarter ti, berre sånn i tilfelle, for å unngå eventuelle blokkeringar seinare. Det er uansett gratis. Du spelar no ein ruter frå bordet, med plan om å stela endå ein spar hjå blindemann. I dette stikket skjer det interessante at Brogeland legg ruter dame.
 
Det er både gode og dårlege nyhende. Gode fordi kontrakten er avhengig av å unngå å tape stikk til ruter dame. Dårlege fordi ruter dame, dersom ho er eit ærleg kort, tyder at ruteren sit 4–1 med lengda bak. Det inneber at du har meir arbeid å gjera enn berre å stela ein spar og ta ut trumfen, ruteren går jo ikkje.  
 
Sjølv om ruter dame saktens kan vera eit smart falsecard frå dama dobbel, valde Wrang å stole på at kortet var ærleg. Det vinn ein nok på i lengda, anten motspelaren er ein nybyrjar eller ein landslagsspelar. Han trong riktig nok ikkje å bestemme seg heilt enno; fyrst kunne han spela ein hjarter til esset, som Lindqvist fylgde med firaren og Brogeland med triaren på. Så tok han kløver ess og kasta ein ruter, og Lindqvist fylgde med niaren.
 
Situasjonen er den at dersom ruteren sit slik som ruter dame indikerer, må du å få godspela kløver knekt til eit andre ruteravkast på handa. Kløver ni styrkar vona om at dette kan vera mogleg, og eigentleg er det rein matematikk: Om Lindqvist byrja med fire ruter i lag med fem spar, kan han ikkje ha meir enn tri kløver i tillegg til trumfen han allereie har synt.
 
Wrang tok seg ein lengre tenkjepause, men så gjekk resten fort: Han spela kløver til steling, og dama kom som bestilt frå Lindqvist. Deretter spela han spar til steling, men ikkje med liten trumf: Då går det gale, for ein må enno få teke to rundar trumf for å få ut alle i aust, men blokkerer ein hjarteren, kan ein ikkje godt stela seg heim på handa i kløver, då aust i så fall blir lengst i trumf.
 
Nei, den siste sparen måtte stelast høgt. Deretter gav kløver knekt avkast for taparen ruter ni, og så gjekk hjarter seks til finesse på niaren! Som venta var Lindqvist renons, og hjarter dame plukka ut knekten hjå Brogeland. Dei to siste stikka var høge ruter.

 
6
E K 10 6
8 7 6
E kn 5 4 2
 
E kn 9 5 2
4
10 5 4 3
K D 9
K D 8 7
kn 3 2
D
10 8 7 6 3
 
10 4 3
D 9 8 7 5
E K kn 9 2
-
 

 
Tolv stikk og 13 IMP etter perfekt kortlesing av Frederic Wrang. Det er berre ruter ut som i teorien beitar kontrakten, men det var vel ikkje så aktuelt. 

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger