AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Levefargen
Sør oversåg den enkle løysinga i denne vekas spel, som skriv seg frå årets påskecup i Soknedal. 

 
D 9 6
9
D 8 7
E 10 9 6 5 2
 
 
K kn 10 7 3
K D 10 8
4 3
K kn
 
 
VestNordØstSyd
1 sp
2 ru2 sp3 ru3 sp
passpasspass


Det er Berkåk BK som har arrangert denne fine tevlinga i kringom 30 år, riktig nok med eit opphald dei tre siste åra på grunn av koronakomplikasjonar. Heldigvis har cupen overlevd, sjølv om 22 par, som årets tevling samla, i eit historisk perspektiv er lite. Vinnarar denne gongen vart far og son Børre og Markus Lund frå Heimdal, framfor brørne Jan Emil og Bård Kåre Græsli frå Singsås og Per Haltbrekken–Arnfinn Helgemo frå Lundamo BK.
 
I vekas spel hamnar du i 3 spar med trumf to ut frå vest. Korleis planlegg du spelet?
 
Med fire taparar frå toppen toler du ikkje mange komplikasjonar før du går beit. Det kan difor vera grunn til å ikkje gruble altfor mykje på korleis du skal vinne mot uhumske sitsar, men fokusere på det som er mest sannsynleg ut frå matematikken, det faktum at du ikkje er dobla og det at vest spelar trumf ut – nemleg at båe svartfargane sit beint. For å seia det på ein annan måte: Du bør sikre at du ikkje går beit dersom sitsen faktisk er hyggeleg.
 
Vår antihelt i sør bad om spar dame frå bordet i fyrste stikk, venteleg i eit håp om at aust skulle stikke med esset, noko som ville sikre spar ni som eit inntak til kløverfargen. Men spar dame stod. Framleis kunne sør for så vidt ha vunne kontrakten, men ikkje då han gjorde det tilsynelatande ganske naturlege, nemleg å spela hjarter. Heile spelet: 

 
D 9 6
9
D 8 7
E 10 9 6 5 2
 
5 2
E kn 4
K kn 10 9 2
D 7 3
E 8 4
7 6 5 3 2
E 6 5
8 4
 
K kn 10 7 3
K D 10 8
4 3
K kn
 

 
Det andre stikket vart hjarter til tiaren og knekten, med beit som resultat då vest hadde knekten og forsvaret spela to nye trumf – kløveren kunne ikkje lenger brukast. Det hjelper ikkje sør å leggje hjarter konge, forsvaret får tak i to hjarterstikk likevel.
 
Aust gjorde rett i å dukke spar dame: Stikk han, er spelet over. Sør kan no vinne ved å spela tre gonger kløver til steling og så hjarter konge: Vest vinn og spelar venteleg ny trumf, men aust blir no fanga, då han ikkje kan stikke og gje bordet inntak til godspela kløver på spar ni, men heller ikkje kan lasjere på nytt utan at sør får stole ein hjarter og trekt ein ståande kløver til hjarteravkast (knekten ramlar jo forresten likevel i hjarter).
 
Men eigentleg er alt dette irrelevant, fordi sør gjorde ein kardinalfeil i fyrste stikk. Han skal be om liten spar, og, når aust legg lågt, straks dundre i veg tre gonger kløver. Den siste kan fint stelast høgt om det skulle vera aust som har tre kløver. I alle høve fylgjer no liten spar til niaren eller dama, og bordet er garantert eit inntak til kløverleksa så lenge også denne fargen sit 3–2.
 
I og med at sør i praksis gjekk beit sjølv om alt eigentleg satt beint, trur eg det er trygt å seia at skisserte speleføring er den korrekte.
 
Innmeldinga frå vest er etter mi meining for hard i blodsona, men vart altså krona med hell denne gongen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger