AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Nesten perfekt
Den unge franskmannen Cedric Lorenzini var i 2015 den yngste spelaren til å vinne ACBL sin «Player of the year»-pris, då berre 26 år gamal. Vekas spel er eit han presterte under EM mix lag, mot Noregs store voner Steffen Fredrik Simonsen–Bodil Nyheim Øigarden. Resultatet vart glitrande for Lorenzini, men heller ikkje han ser tvers igjennom korta. Spelet er saksa frå bulletinen under EM, der det vart omtala av Barry Rigal.

 
10 6 4 2
K 10 9 5 3
5 4
6 4
 
K 8 5
kn 6 4
kn 9 2
D 10 9 2
7
E D 8 7 2
D 8 3
K kn 8 5
 
E D kn 9 3
-
E K 10 7 6
E 7 3
 
 
VestNordØstSyd
SimonsenZochowskaØigardenLorenzini
1 sp
pass3 sp1)dbl4 kl2)
pass4 hj2)dblrdbl3)
pass4 sppass4 gr4)
pass5 kl5)pass6 sp
passpasspass
1) Sperr
2) Cuebid
3) Fyrstekontroll i hjarter
4) Roman Key Card Blackwood
5) Null ess

 
Utspelet var naturleg nok hjarter fire, som gjekk til tiaren, dama og steling. Lorenzini heldt fram med tri rundar ruter til steling, som – ikkje uventa etter den opplysande doblinga i aust – gjekk bra.
 
Ein sparfinesse no vil vera fatal. Vest vinn med kongen og held fram med trumf, og det blir for lite trumf og for dårleg kommunikasjon. Men det fungerer heller ikkje å spela spar til esset og halde fram i ruter. Vest trumfar med åttaren, og bordet må trumfe over med tiaren, men har no berre éin spar att. Den kan ikkje brukast til å stela meir enn éin kløver, og spar konge er òg ein tapar.
 
Lorenzini var altså inne på det riktige, då han i femte stikk spela liten hjarter til steling, før han tok spar ess og spela ståande ruter. Redninga vart ein vanskeleg unngåeleg feil frå Simonsen, som trumfa med spar åtte. Lorenzini stal over, og drog hjarter konge, som pinna knekten i vest. Kva Øigarden gjorde med kongen var irrelevant, men ho dekte, og Lorenzini stal og spela den femte ruteren. Om Simonsen no stel med spar konge eller ikkje, er òg irrelevant. Men han stal, og ein kløver forsvann frå bordet. Deretter kunne éin kløver stelast, og éin kastast på hjarter ni.
 
Om Simonsen i staden kastar hjarter på den fjerde og så den femte ruteren, blir det beit. Når det no fylgjer kløver ess og kløver til steling, og høg hjarter frå bordet, må Øigarden vera vaken og dukke. Lorenzini må stela høgt om ikkje Simonsen straks skal få for spar åtte. Men etter ny kløver til steling er han inne i bordet med berre hjarter att, og når han no spelar endå ein hjarter til høg steling, kastar Simonsen kløver. Konge, åtte i spar er no fremja til to stikk.
 
Etterpåklokskapen syner at kontrakten faktisk kan vinnast uansett motspel. I staden for å spela ein liten hjarter til steling i stikk fem, må ein dra hjarter konge, som på det rette tidspunktet overfører hjarterkontrollen til vest. Aust må dekkje, sør stel med knekten eller dama i spar, og deretter fylgjer spar ess, som gjev fylgjande situasjon: 

 
10 6
10 5 3
-
6 4
 
K 8
kn
-
D 10 9 2
-
8 7 2
-
K kn 8 5
 
kn 9
-
10 7
E 7 3
 

 
No kjem den fjerde ruteren. Det hjelper openbert ikkje vest å kaste hjarter knekt, for då blir tiaren straks god. Det hjelper han heller ikkje å kaste kløver på denne og den neste ruteren. Kløver forsvinn då òg frå bordet, så går ein kløver til steling og hjarter til steling og nok ein kløver til steling, og hjarter ti er irrelevant, for sør er kvitt båe kløverane.
 
Viss vest stel den fjerde ruteren med spar åtte, stel bordet over, og så fylgjer ein hjarter til steling og den siste ruteren med kløveravkast, uansett kva vest gjer. Ein får stole ein kløver i bordet, og kasta den siste på hjarter ti.
 
Kva viss vest i staden stel høgt på den fjerde ruteren, medan bordet kastar kløver, og vest så returnerer spar åtte? Det er det beste motspelet, men no kan bordet vinne stikket med spar ti, og sør fylgje med spar ni. Hjarter til steling set opp hjarter ti som det tolvte stikket, og framleis ligg ein spar att i bordet til å stela ein kløver og hente kontraktstikket. Eit pikant spel!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger