AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tri stikk forskjell
Innan no har vel alle fått med seg den store norske triumfen i EM for nasjonslag i Ostende, så vi treng neppe å repetere alle detaljar kring dei flotte norske resultata. Det er berre å stille seg i rekkja av gratulantar, og takke for den forrykande underhaldninga som spesielt laget i open klasse leverte, i elleve dagar til endes.
 
Vekas spel er inga stor eller komplisert sak, berre eit fiffig småspel som gjekk i Noregs favør, til liks med så mange andre spel i Ostende. Hovudpersonane er Noregs ankerpar, eit par som utvilsamt tilhøyrer den ypparste verdseliten no, butlervinnarane Espen Lindqvist–Boye Brogeland.
 
Du kan fyrst få det som ei lita motspelsprøve:

 
8 7
kn 8 3 2
E K 10 2
K 10 9
 
E kn 9 6 3
7 4
D 7 6 4 3
E
 
VestNordØstSyd
BrogelandSimonLindqvistTerraneo
1 rupass1 hj
1 sp2 hj3 kl3 hj
passpasspass


Du vel naturleg nok å spela kløver ess ut. Makker fylgjer med sjuaren, sør med seksaren. Kva spelar du i andre stikk?
 
På det andre bordet fekk austerrikaren i vest sjå kløver to frå makker under esset, etter eit identisk meldingsforlaup til 3 hjarter. Eg veit ikkje kor mykje han la i det kortet, men uansett skifte han ruter.
 
Boye Brogeland, derimot, skifte spar 9. Det er nok veldig fornuftig å bortprioritere reine styrke- og svakheitskast i situasjonar som denne, der meldingsforlaupet, i kombinasjon med synet av blindemann, gjer det meir føremålstenleg å nytte ei form for Lavinthal. Brogeland kunne sjå at makkeren måtte ha fleire kløver mindre enn sjuaren, så dette kortet måtte indikere noko i spar. Forresten er det kanskje sannsynleg at ein som passar i fyrste melderunde, men så melder 3 kløver etter å ha høyrd ei sparmelding frå makker, må ha litt semistøtte i makkers farge?
 
Eit anna spørsmål er kva godt som eigentleg skal koma ut av å spela ruter, eller trumf for den del. Forsvaret har neppe stikk å hente i ruter, trumfen ser òg ut til å sitja fint for speleførar, så er ikkje den beste beitesjansen å finne makker med eit inntak i spar, slik at den kløverstelinga ein ynskte seg idet ein spela kløver ess ut, kanskje kan bli realitet?

Det var iallfall ingen tvil om at Brogeland lykkast betre enn austerrikaren med motspelet sitt; sjå berre her:

 
8 7
kn 8 3 2
E K 10 2
K 10 9
 
E kn 9 6 3
7 4
D 7 6 4 3
E
K 2
K D
kn 9 5
D kn 7 5 3 2
 
D 10 5 4
E 10 9 6 5
8
8 6 4
 

 
Med ruter i skift hadde Terje Aa ingen vanskar med å vinne 3 hjarter, då ein kløvertapar kunne kastast på ruter konge, og trumfen oppførde seg pent, slik at det òg vart uproblematisk å stela to spar i bordet.
 
Med spar i skift, derimot, kunne Espen Lindqvist stikke med kongen og spela kløver dame attende til steling hjå makker. Det var eit tydeleg signal til makker om å spela meir spar, så no gjekk spar ess og ein spar til steling og oversteling. Ny kløver gjekk til steling hjå Brogeland, og endå ein spar til steling og oversteling. Fire trumfstikk i lag med tri svarte toppstikk gav nordmennene tri beiter i kontrakten.
 
Spelet gav 7 IMP til Noreg, i ein kamp som vart vunnen med tala 44–21, 15,56–4,44 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger