AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit ganske vanleg spel
Det er mykje å tenkje på i partevling. Men ein kjem langt med å velja dei avgjerdene som er med oddsen. Vekas spel var det eigentleg veldig lite spesielt med, men gjorde du det logiske, fekk du bortimot i topp i ei stor partevling.
 
Fyrst må du melde.

 
E K D 7 2
D 7 2
3
E 9 6 2
 

 
Det går to passar til deg i sør. Du opnar i 1 spar, vest passar og makker melder 2 spar. De bruker såkalla dobbel Toronto, som vil seia at både 2 kløver og 2 ruter etter førehandspass viser ei brukbar hand med sparstøtte, høvesvis tri- og firekorts. Det vil seia at 2 spar er ei veik melding. Gjer du noko no?
 
Mange vil kanskje vera usamde, men i partevling tviler eg på at det er med oddsen å gå vidare med denne handa. Makker har ikkje mykje når han ikkje strekkjer seg til ein Toronto. Mot perfekte kort kan det sjølvsagt likevel stå utgang. Men vanlegvis har jo makker berre noko ordinært ræl i hist og pist. For å seia som den gamle meister Øystein Lerfald: «Plussen kjem fyrst!» I partevling er det ikkje ein vinnande taktikk å jakte på syltynne utgangar.
 
Du blir speleførar i 2 spar. Med kløver knekt ut frå vest, har du kontroll over ressursane under. Utspelet går til dame, konge og ess. 

 
5 4 3
K 6 4
kn 8 7 5 4 2
D
 
 
E K D 7 2
D 7 2
3
E 9 6 2
 


Sjølv med singleton kløver hjå makker er 4 spar ein elendig kontrakt. Du har éin sikker rutertapar, og vanlegvis to i hjarter. Det var ein fordel at du ikkje fekk trumf ut, men uansett får du nok ikkje stole meir enn to kløver i bordet, i mangel på overgangar. Forsvaret vil jo skifte trumf når dei kjem inn. Skal du få eit tiande stikk, må det koma anten av at kløver ni blir god, eller at du kan unngå to hjartertaparar.
 
Du byrjar med ein kløver til steling. Så kan det vera fort gjort å prøve ein hjarter til dama, for å sjå om du kan få inntak til ei andre kløversteling der. Men det er jo bortkasta, for om dama står og du spelar nok ein kløver til steling, må du jo no spela ruter frå bordet, og motparten skifter trumf. Altså kan du like gjerne spela ruter i tridje stikk.
 
Aust vinn med esset, og skifter som venta trumf. Du stikk med esset og spelar nok ein kløver til steling. Diverre fell ikkje tiaren frå vest.
 
Igjen er det tilforlateleg å spela ein hjarter til dama. Men vent no litt. Einaste sjanse for å unngå to hjartertaparar, som vi jo hadde ei ørlita von om frå start, er at éin motspelar byrja med singel eller dobbel hjarter ess. Kven av dei kan det i så fall vera? Har du overhovudet noko å gå på?
 
Ja, det var den kløvertiaren: Du veit at vest, som spela kløver knekt ut, enno sit med tiaren. Om nokon byrja med fem kløver, må det altså vera han. Byrja han med fem hjarter, er det jo òg ein viss sjanse for at han ville balansert i utdøyande posisjon over 2 spar. Om nokon hadde dobbel hjarter frå start, er det altså sannsynleg at det var vest.
 
Difor spelar du ikkje hjarter, men derimot ein ruter til steling. Så tek du ein stor spar. Sit han 4–1, får du prøve deg med ein hjarter medan du enno har endå ein høg spar. Men som venta fylgjer båe motstandarar, så du tek òg ut den siste trumfen deira. Så endeleg ein hjarter. Kongen står, og du dukkar ein hjarter rundt. Sanneleg kjem esset ramlande frå vest!

 
5 4 3
K 6 4
kn 8 7 5 4 2
D
 
kn 8 6
E 9
K 10 6
kn 10 8 7 5
10 9
kn 10 8 5 3
E D 9
K 4 3
 
E K D 7 2
D 7 2
3
E 9 6 2
 


Dette var vel ikkje eigentleg så vanskeleg, var det det? Men ti stikk gav 90 prosent score. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger