AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Sukkerbit i botn
Det såg lenge ut til at Nederland ville kruse inn til siger i open klasse i EM for nasjonslag. Men i tredje siste runde møtte dei Sveits som låg som nummer to, og tapte stort. Dimed vart det trass alt spenning mot slutten. Vekas spel er eit av dei mange i denne kampen som gjekk i sveitsisk favør. 

 
D 3 2
K 9 6 4
E kn 4 3 2
9
 
K kn 10 9 5 4
-
D 8
E K 10 5 2
6
D kn 8 3
10 9 5
D kn 8 6 4
 
E 8 7
E 10 7 5 2
K 7 6
7 3
 


Vest                     Nord             Aust                  Sør
van Lankveld      Gawryś   van den Bos     Klukowski                  
1 sp                     pass              1 NT                 2 hj
4 kl                      4 hj                 5 kl                  pass
pass                    5 hj                 dbl                  pass
pass                    pass
 
På det andre bordet noterte nederlandske Verhees–van Prooijen tilsynelatande eit greitt resultat, då dei henta éi dobla sonebeit i 4 spar. Nord–sør har vel ikkje all verda til stikk i korta, har dei, så surt som hjarteren sit?
 
Men stjerneskotet Michał Klukowski avslutta ei forrykande liste med å prove at skeiv trumfsits er eit hinder for sveklingar.
 
Kløver konge og ny kløver kom ut, den siste til steling. Etter meldingsforlaupet var det jo temmeleg opplagt å spela hjarteren riktig veg, altså leggje ned kongen. I neste stikk fylgde hjarter ni, som aust dekte med knekten.
 
Denne fekk han for, og så kom sparskiftet. Klukowski gjekk sjølvsagt ikkje på limpinnen her heller, men stakk med esset. Deretter ruter til esset og hjarter til kapp, og hjarter ess som trekte aust sin siste trumf.
 
No trur eg nok Klukowski var ganske sikker på at vest byrja med 6–5 i svart, og truleg hadde han forsona seg med at det ville bli beit om aust byrja med dama tredje i ruter. Men lykka har ein tendens til å stå den sylfrekke bi, og denne gongen kom ruter dame stupande velvillig under kongen. Dimed gav ruteren to sparavkast, for heimgang og nok ein bamsescore til dei polske sveitsarane, som vann kampen heile 67–14 i IMP, 19,43–0,57 i VP.
 
Likevel gjekk gullet til slutt til Nederland, som dimed fekk sin revansje – ikkje berre for internoppgjeret i EM, men for VM-finalen som Sveits vann med 3 IMP tidlegare i år.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger