AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Bortgøymd beit
Det er morosamt når det dukkar opp spel der ein sjølv med alle fire hender synlege må gruble litt for å sjå løysinga. Denne vekas kasus skriv seg frå ein lagkamp i Trondheimsserien nyleg. 
 
 
E 9 8 7 6 5
-
D kn 3
7 6 5 4
 
D 2
10 9 8
E K 10 9 8
9 8 2
K kn 10 3
D 6 5 4 3 2
4
kn 10
 
4
E K kn 7
8 7 6 5
E K D 3
 
 
VestNordØstSyd
pass2 ru1)pass
2 hj2)passpass2 gr (!)
pass3 hj3)pass3 gr
passpasspass
1) Multi
2) Pass eller korriger
3) Overføring, tydeligvis

 
På det andre bordet opna nord med veike 2 spar. Sør hadde ei vanskeleg melding – både pass, 3 grand og 4 spar kan vera rett. Med tanke på dei to siste alternativa, kan ein sjølvsagt òg melde rolegare, og prøve å få meir informasjon. Men det er ikkje sikkert at ein blir klokare. I praksis melde sør 4 spar – makkeren hadde trass alt opna i blodsona. Det kom ikkje ruter ut, men det måtte bli beit likevel med 4–2-sits i trumf.

Det var opningspassen på det andre bordet som gjorde at nord–sør her kom i 3 grand – pluss at nord altså greidde å passe 3 grand heller enn å melde 4 spar. Eg må innrømme at eg nok hadde oppfatta 2 grand som båe minor frå ein spelar som valde å passe over 2 ruter, men dette nord–sør-paret var altså samstemte.

Då hjarter ti kom ut til knekten, hadde sør ein lett veg til ni stikk ved straks å spela ruter. Om vest greier å stikke fyrste gong og skifte spar, må sør berre dukke ein gong, og så blir det etter kvart eit ruterstikk for kontrakten. Men analyseprogrammet Deep Finesse seier at 3 grand kan beitast – ser du korleis?
 
Dersom vest byrjar med kløver, kan sør tidleg sikre seg eit ekstra hjarterstikk ved å spela ein høg hjarter og så hjarter knekt (spelar han to høge hjarter og så hjarter knekt, vil aust stikke og setja opp hjarteren sin, og får etterpå eit inntak i spar til godspela hjarter). Etterpå kan ein spar dukkast, og det må bli eit ruterstikk i bordet for ni stikk.
 
Liten ruter ut fungerer òg dårleg, fordi bordet omgåande får eit ruterstikk, og sør deretter kan organisere eit innspel mot aust etter å ha dukka ein spar (sør har kommunikasjon til bordet i kløver).

Altså står ein att med to beitande utspel, anten høg ruter eller spar. Etter høg ruter ut kan vest òg ta den andre høge ruteren, men så må det koma sparskift. Sparen blir venteleg dukka og den neste stukken, men det finst ikkje lenger noko innspel mot aust, for motparten kan jo ikkje få tre sparstikk i tillegg til dei to ruterstikka.
 
Med to gonger spar ut blir situasjonen tilsvarande: Innspelet mot aust blir øydelagd, og det finst ikkje noko innspel mot vest, som ikkje har noko anna han treng å halde enn ruter.

Som de forstår, er bridgen i all hovudsak hypotetisk.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger