AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Klar ein klassiker
Det blir sagt at partevling set spesielt store krav til teknikk i speleføring, der ein jo alltid må freista få med seg så mange stikk som mogleg. Men like interessant er det korleis ein best kan spela «safe» i lagkamp. Til dømes finst det ei rekke fargekombinasjonar det er viktig å kjenne att.
 
 
kn 10
8 5 4
E D 5 3
E D 9 4
 
 
E K 8 5 4 3 2
3
kn 8 6
K 6
 
 
VestNordØstSyd
1 klpass1 sp
pass1 grpass4 sp
passpasspass


Ut kjem hjarter ess og hjarter dame; aust fylgjer med småkort. Korleis spelar du?
 
Dette ser jo temmeleg grønt ut, eller kva? Du har tapt eit stikk i hjarter, og har i tillegg kanskje ein spartapar og ein rutertapar. Det kan vel faktisk bli både elleve og tolv stikk?
 
Slik tenkte vår antihelt i sør. Etter å ha stole i andre stikk, delja han i veg spar ess. Men slik såg heile spelet ut:

 
kn 10
8 5 4
E D 5 3
E D 9 4
 
D 9 7 6
E D kn 10 2
9 2
kn 7
-
K 9 7 6
K 10 7 4
10 8 5 3 2
 
E K 8 5 4 3 2
3
kn 8 6
K 6
 


Vest hadde no krav på to sparstikk! Etter kvart kom nokre kløverstikk i vinden, men det skjedde ingenting spesielt hyggeleg der, og speleførar måtte til slutt ta ein fattig ruterkutt. Då denne rauk, var kontrakten ei nitrist beit.

Den einaste trøysta for sør var at akkurat det same skjedde på det andre bordet – men det skulle sjølvsagt ikkje ha skjedd på nokre av borda: Speleførar har her ein fin safevariant i spar, nemleg å spela liten opp mot knekt, ti. Aktuelt kan det vel godt hende at vest legg lågt i fyrste runde, men om han skulle stikke, rår speleførar både over ess, konge og knekt, som vil koste vest alle hans attverande trumf. Skulle det ein annan gong vera aust som sit med alle trumfane, er situasjonen tilsvarande.
 
Nokre gonger kan fare stelingar og liknande gjera at ein ikkje har råd til å safespela sparen. Men i det aktuelle spelet verkar den risikoen liten.
 
Avslutningsvis kan det nemnast at spelet skriv seg frå ein kamp i grunnspelet i NBF sin lagserie på Realbridge. Eg har triksa med korta: Eigentleg sat ruter konge i kapp, slik at kontrakten fauk heim trass alt. Men at båe speleførarar i ein kamp i elitepulja gjekk glipp av safevarianten i spar, er vel ikkje heilt bra?

Av Erlend Skjetne   
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger