AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Med naud og neppe
Det er når det ser som svartast ut i bridgen, at det verkeleg kan løne seg å stoppe opp og tenkje. Vekas spel skriv seg frå ein sumarbridge nyleg.  
 
 
E kn
D 9 5
E K 9 5
K 9 7 4
 
K 9 8 7 6 2
kn 6
4 3 2
kn 8
 
VestNordØstSyd
1 kl1 gr2 sp3 hj
pass4 hjpasspass
pass

 
På spørsmål var ikkje nord sikker på om sør meinte 3 hjarter som krav eller ikkje, men han lyfte i alle fall.

Vest byrjar med spar dame til esset i bordet. Når du som aust reknar litt på honnørpoenga kring bordet, veit du at dette må vera ein hardmeldt utgang, og i parturnering vil du truleg få eit dårleg resultat om kontrakten står.
 
Sør spelar straks hjarter til esset og hjarter. Vest vinn med kongen, og frir seg med hjarter ti. No bed speleførar om spar knekt frå bordet, som du vinn med kongen, og både sør og vest fylgjer lågt.

Dette ser ikkje veldig lyst ut. Sør er markert med vinnaren spar ti, og kan altså reknast opp med to sparstikk i tillegg til fire hjarterstikk. To ruterstikk må han naudsynlegvis òg få, og kløver konge er òg eit bankers stikk. Sør har altså minst ni stikk, men kan du hindre at han får ti?

Ved bordet sat vest og plukka på ein spar, med den tanken at det beste måtte vera eit «passivt» tilbakespel som iallfall ikkje gav sør noka hjelp. Kva hadde du gjort?

Heile spelet:

 
E kn
D 9 5
E K 9 5
K 9 7 4
 
D 3
K 10 2
D kn 8 7
E 10 5 2
K 9 8 7 6 2
kn 6
4 3 2
kn 8
 
10 5 4
E 8 7 4 3
10 6
D 6 3
 

 
Om aust spelar spar, byrjar vest få det svært lite komfortabelt. På spar ti må han kaste kløver, elles kan sør stela god ruterkvisten i bordet, og har inntak til å hente han på kløver konge. Bordet kastar òg ein kløver på spar ti. I neste stikk spelar sør ein trumf, og av same grunn som nemnd kan ikkje vest kaste ruter. Kastar han derimot endå ein kløver, kan sør enkelt godspela to kløverstikk. Vest er altså skvisa, og kontrakten står.

Aust bør innsjå at det må vera betre å setja inn bordet, og det må bli i ein minorfarge. Kløver er livsfarleg å spela – sitsen kan jo fort vera akkurat som han var. Situasjonen er dessutan den at vest må ha noko snacks i ruter om det skal kunne bli beit, jamfør oppteljinga av stikk vi gjorde over.

Ved bordet spela aust altså ein ruter, og det var blink. Sør la lågt, vest slengde i knekten, og blindemann tok stikket. Om sør no spelar kløver til dama, stikk vest og kontrar med ny kløver, som igjen låser sør i bordet og hindrar han i å ta ein ruterkutt.

Men sør spela like godt den andre ruterhonnøren og ein ruter til steling, i von at dama skulle syne seg.  Det gjorde ho altså ikkje. Sør kunne no ta spar ti, vest kasta ein kløver, men så kunne ikkje sør ta den siste trumfen sin, for då kastar vest nok ein kløver, og har ruter dame som eit stikk. Sør måtte altså spela kløver, men no måtte forsvaret få to kløverstikk.
 
Forskjellen på beit og heimgang var, nesten som venta, forskjellen på topp og botn.
 
Ein kuriositet: Det einaste utspelet som teoretisk kan halde speleførar på ni stikk, er liten spar. Med spar dame ut kan sør i teorien vinne ti stikk ved å spela spar knekt i andre stikk. Når aust no skifter ruter, har sør kommunikasjon på hjarter ess til å ta ein ruterkutt for det tiande stikket. Men dette blir spissfindig; det vesentleg i dette spelet var ein velplassert pause og ein klok skift.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger