AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Den som vågar
I open klasse i EM for nasjonslag hamna Noreg nok ein gong i trøbbel mot eit velspelande Nederland. Men spelet under var eit minneverdig lyspunkt.

 
kn 10 5 3
8
E K D 8 5 3
10 2
 
 
E K D
E D 4
kn 10 6
K 8 6 2
 
 
VestNordØstSyd
van LankveldBakkevan den BosBrogeland
pass1 rupass2 kl
pass2 rupass2 gr1)
pass3 rupass4 kl2)
pass4 rupass4 gr3)
pass5 sp4)pass6 gr
passpasspass
1) Krav
2) Kontrollmelding
3) Fem ess Blackwood
4) To essverdiar og trumfdama

 
Godt meldt til ein god kontrakt – det er langt frå like bra å spela slem i nord her. Med ruter sju ut, korleis planlegg du spelet?
 
Du har fire sparstikk, seks ruterstikk og hjarter ess, altså elleve toppstikk. Det er to openberre moglegheiter for å få fatt i det tolvte: Kløver ess kan sitja framom kongen, eller hjarterkappen kan gå. Problemet er naturlegvis at om du vel feil mellom desse sjansane, er du i teorien beit med ein einaste gong. Er det kanskje betre å ta alle dei spisse stikka fyrst og sjå kva som skjer?
 
Boye Brogeland stakk med ruter ess i bordet, og spela i neste stikk kløver til kongen! Nokre vil nok tenkje på dette som galskap, for sit kløver ess bak no, kan motparten – igjen, i teorien – plukke fleire beiter. 
 
Men Brogeland kan bridgens psykologi ut og inn. Han veit at om no vest har kløver ess, er sjansen liten for at han skal vinne med esset og greie å spela kløver tilbake. Det skjer nok berre om han i tillegg har kløver dame. Altså er det gode sjansar for at ein – om no kløver ess sit bak – etterpå vil få prøvd hjarterkappen. Dette høvet til å teste båe sjansane får ein neppe seinare i speleføringa, når for mykje er avslørt.   
 
Heile spelet:

 
kn 10 5 3
8
E K D 8 5 3
10 2
 
6 4
K 7 6 3 2
7 4
E kn 7 5
9 8 7 2
kn 10 9 5
9 2
D 9 4
 
E K D
E D 4
kn 10 6
K 8 6 2
 

 
Dette måtte vel bli beit, tenkjer du venteleg no. Men nei: Vest dukka kløver konge! Den varianten har han truleg mareritt om enno.
 
Det er jo for så vidt ein klassikar: Ved å dukke a tempo, kan ein narre speleførar til å tru at esset sit framom, slik at han etterpå prøver ein ny runde til dama – og så tek ess og knekt to kjappe stikk. Om ein tenkjer seg om, er det nok ikkje sikkert at dukken er så glup når ein òg sit på hjarter konge – det verkar sannsynleg at det å stikke og spela passivt attende etter kvart vil gje beit. Men Brogelands trekk tok kanskje vest på senga: Ein kan iallfall ikkje tenkje seg om og dukke, då er poenget borte. 
 
Dette kunne saktens ha vorte eit kalasspel for Noreg, men diverre finst det òg ein annan måte å vinne 6 grand på slik det sit, nemleg ved ein innspelsskvis. Det vil seia at ein tek alle dei spisse stikka, og til slutt held att ess, dame blokk i hjarter og kløver konge singel (gjeve at motparten ikkje allereie har saka seg sund): Idet vest må ned på tre kort, er han i teorien ferdig, for han må anten blanke hjarter konge for å halde ess, knekt i kløver, eller blanke kløver ess for å halde dobbel hjarter. I sistnemnde tilfelle kan han spelast inn i kløver for å måtte avslutte med hjarter opp i slufsa.
 
Slik spela faktisk nederlandske Louk Verhees jr., etter spar ut frå Geir Helgemo. Korleis han greidde å lesa sitsen, veit ikkje eg. Men det skal seiast at han berre fekk tolv stikk, medan vest hjå Brogeland forsaka seg og foræra han tretten – altså etter fyrst å foræra han kontrakten.
 
Likevel vann Nederland kampen klårt, 54–10 i IMP, 18,44–1,56 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger