AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Det viktige fyrste stikket
I denne vekas spel skal vi ein tur attende til EM i Tromsø i 2015, nærare bestemt til semifinalen i EM par. Du skal få prøve deg i motspel. Men fyrst ein kik på meldingane.

E 6 4
10 9 7 4 2
E D 4 3
5

Du sit i fjerde hand i gunstig sone, og høyrer sør opna i 1 grand. Det blir forklåra som 12–14 balanserte. Makker passar, og nord melder 2 spar, som er overføring til kløver. Du finn ikkje på noko anna enn å passe. Sør melder 3 kløver, som er den veikaste meldinga han kan avgje. 2 grand ville vist ei hand som passa godt til makkers kløver. No går det to passar til deg. Kva melder du?
 
Eg dobla. Det var hardt, men eg ville nok gjort det same ved neste høve òg. Makker er riktig nok litt avgrensa sidan han ikkje melde over 1 grand, men vår eiga side kan godt ha ein fin delkontrakt i korta. Går vi to udobla beit eller éi dobla, kan det vera greitt om 3 kløver står. Det er farleg å melde, men det er like farleg ikkje å gjera det.
 
Det som aktuelt skjer over doblinga, er at makker passar ut. Han gjer altså om ei opplysande dobling til straff. Mot 3 kløver dobla spelar han spar knekt ut.

 
K 9 3
K 6 5
6
E 10 9 8 4 2
 
E 6 4
10 9 7 4 2
E D 4 3
5
 
VestNordØstSyd
1 gr1)
pass2 sp2)pass3 kl3)
passpassdblpass
passpass
1) 12-14 poeng
2) Overføring til kløver
3) Veikaste melding (2 grand ville vist ei betre hand)


Bordet er eit skuffande syn. Med 10 honnørpoeng der, 10 hjå oss og minst 12 i sør, har makker maksimalt 8 honnørpoeng, og eitt av dei er altså spar knekt. Det ser forresten ut som eit ugunstig utspel for oss. På spørsmål til sør om kor vidt han kan ha femkorts major for grandopninga, får du svaret nei. Altså har makker minst tre spar, og med spar knekt ut har han rulla opp sparfargen for speleførar. Om det overhovudet er beit i denne kontrakten, må det vera med naud og neppe. Men di større grunn er det til å ta ein pause og undersøkje kor beita eventuelt kan finnast.
 
Korleis sit så trumfen? Vest har ikkje meir enn fire, for sør må ha to for grandopninga. Om vest har konge, dame, knekt i kløver er det eigentleg dårlege nyhende for oss, for då må sør minst ha hjarter ess og ruter konge pluss den markerte spar dame, og i så fall finst det ikkje meir enn to kløverstikk og to spisse ess å få i motspel. Hjarterfilla i bordet forsvinn jo på ruter konge.
 
Vi må altså vone at makker berre har dame, knekt i kløver, for då har han plass til hjarter ess i tillegg. Riktig nok har vi likevel berre fire stikk. Men er hjarter ess i toppen av ein dobbelton, kan makker få ei steling for ein av dei småe trumfane sine. Då har vi endeleg funne beita.
 
Altså ser du kva som må gjerast: Opp på spar ess i stikk éin, og hjarter i skift!

 
K 9 3
K 6 5
6
E 10 9 8 4 2
 
kn 10 8 5
E 3
10 8 7
D kn 7 6
E 6 4
10 9 7 4 2
E D 4 3
5
 
D 7 2
D kn 8
K kn 9 5 2
K 3
 

Slik såg spelet faktisk ut. Vest kan vinne hjarterskiftet med esset og spela ny hjarter. Sør spelar kløver konge og kløver, vest splittar honnørane, og no kan jo speleførar gjerne prøve seg med ein ruter. Men den stikk du med esset, og gjev makker ei steling i hjarter. Saman med den siste kløverhonnøren og spar ess blir det ei beit, 200 inn og eit stjerneresultat i EM par.
 
I praksis gjorde eg ein nybyrjarfeil då eg ikkje tenkte meg om i fyrste stikk, men la ein liten spar på knekten. Sør vann med dama, spela kløver konge og kløver til knekten og esset, og no ein ruter. Eg stakk og skifte hjarter til esset, før makker spela ny hjarter. Denne kunne speleførar vinne på handa, for så å kaste hjarter konge på ruter konge, og så spela ein spar til niaren. Det fanst ikkje lenger noka hjartersteling å få, og ni stikk var i hus.
 
At hjarter ess i utspel gjev ei enkel beit, var ikkje noko eg kunne orsake meg med. Ursløvt motspel av meg gav botn i staden for topp. Eg vonar du var flinkare!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger