AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Vent no litt
I ganske mange spel i bridgen kan ein sleppe unna med å gjera det opplagte. Men skal ein nå heilt til topps, må ein vera omhyggeleg, og stogge og tenkje på nokre stader der det kanskje verkar overflødig.

 
10
K D 8 7 5
E kn 8 7 3
K 3
 
K kn 8 2
kn 4 2
K 5 4
E 9 5
 
VestNordØstSyd
1 sp
pass2 hjpass2 gr
pass3 grpasspass
pass


Dette er frå ei partevling på internett nyleg, og nords siste melding kan sikkert diskuterast, men det var no slik det i praksis gjekk. Du sit i aust, og får det svært hyggelege utspelet av kløver dame frå makker.
 
Kongen kverkar du med esset ditt, sør fylgjer med toaren, og du held fram med kløver ni. Sør fylgjer med seksaren, vest med sjuaren. Kva er dette å skrive om, spør du deg kanskje. Alt tyder på at makker har minst to, truleg tri kløverstikk til, og når vi sjølve har ruter konge, er vel dette prosjektet dømt til å gå beit?
 
Absolutt. Du kan ganske enkelt spela den siste kløveren din, og makker tek nokre stikk der. Han har neppe ein giftig skift å koma med, men ruter konge får du sikkert uansett for, så det blir eit par beiter. Det må vel bli eit kanonresultat for aust–vest?
 
Jo då, pluss blir det nok, men du må alltid hugse at korta sit likeins på dei andre borda òg. Det er nok ikkje så reint fåe som spelar 3 grand i sør her, og det er nok ikkje så reint fåe som får kløver dame ut. Korleis kan du vera betre enn dei andre motspelarane? Du må prøve å få fatt i ei tridje beit. Kor kan ho koma ifrå?
 
Sør må nesten ha både hjarter ess og ruter dame for å koma til ei opning, så neppe i dei fargane. Sør har sannsynlegvis ess, dame i spar òg, så tilsynelatande ikkje der heller … Eller?
 
Sjå for deg at du sit i sør og får ein halvhøg spar i skift i tridje stikk. Du har sjansen på fem ruterstikk om kongen sit i kapp, og fem hjarterstikk om hjarteren sit 3–3. Planen må vera å prøve ruteren fyrst, for ordnar han seg, har du ni toppstikk. At aust skifter spar verkar litt merkeleg, har han verkeleg ikkje kløver å spela? Uansett har du lite å tene på sparfinessen, har du ikkje?
 
Slik såg sjølvsagt heile spelet ut:

 
10
K D 8 7 5
E kn 8 7 3
K 3
 
9 6 5
10 9 6
9 6
D kn 10 7 4
K kn 8 2
kn 4 2
K 5 4
E 9 5
 
E D 7 4 3
E 3
D 10 2
8 6 2
 


Det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida, og det er stundom vanskeleg å seia kva som er rett og feil i bridge. Men eg er ganske sikker på at om aust hadde skift spar i tridje stikk, ville sør ha stukke med esset og prøvd ruter dame. Aust kunne då ha casha spar konge før han gav makker kløverstikka sine, og kontrakten ville ha gått tri beiter. 300 hadde gjeve aust–vest nær topp, medan 200 så vidt var over middels.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger