AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Draumen om eit egg
Skulle du nokon gong forville deg inn i ein lagfinale, kan det vera greitt å vita at det blir gjort feil der òg. Men skal du lykkast på det høgste nivået i norsk bridge, må du òg gje motspelarane dine sjansen til å gjera feil. Vekas spel skriv seg frå oppgjeret mellom to av medaljevinnarane i lagfinalen sist helg, Bergen Akademiske BK og Studentenes BK.  
 
 
10 3
D 7 4
kn 6 4
E K D 8 7
 
 
K D kn 9 8 7 6
E 10 3
D 7 3
-
 
 
VestNordØstSyd
1 sp
pass2 kl2 hj4 sp
passpasspass

 
Meldingsforlaupet var det same på båe bord, og kan neppe kritiserast, sjølv om 3 grand aktuelt hadde vore ein overlegen kontrakt, spesielt spela i nord.
 
4 spar ser derimot temmeleg daudt ut, idet vest byrjar med hjarter åtte til liten og knekten. Finn du eit halmstrå å klyngje deg til?
 
Lars Arthur Johansen for Studentenes BK stakk med esset og spela liten spar. Etter BBO å døme, la han òg lågt i bordet, men eg vonar at han stakk over med tiaren i bordet. Den vesle sjansen for suksess ser jo ut til å vera at vest sløvt har lagt liten spar frå esset.
 
Aktuelt stakk Christian Bakke i aust med esset, og spela hjarter konge og den høgste gjenverande hjarteren sin til steling hjå Thomas Charlsen i vest. Ruter ess og ruter sytte for to beit, som må seiast å vera standardresultatet.
 
På det andre bordet lasjerte Bjørn Olav Ekren hjarter knekt. Dette er jo ein velkjend taktikk om ein til dømes vil hindre forsvaret i å hente ei steling når dei kjem inn seinare i spelet. Men her er det for det fyrste stor fare for at utspelet kan vera ein singelton, og for det andre har jo forsvaret alskens sidestikk dei kan forsyne seg med, så kva er då poenget med lasjen?
 
Jo, i neste stikk spela Håkon Kippe liten hjarter opp igjen. Den kunne Ekren sleppe til dama i bordet – og heldigvis fylgde vest. No forsvann tre ruter på ess, konge, dame i kløver – og kontrakten stod!
 
Heile spelet:

 
10 3
D 7 4
kn 6 4
E K D 8 7
 
5 4 2
8 6
E 10 9 8 2
kn 9 3
E
K kn 9 5 2
K 5
10 6 5 4 2
 
K D kn 9 8 7 6
E 10 3
D 7 3
-
 

 
Det var ein sjeldan feil av den normalt glimrande Kippe, dette her. Han burde ha visualisert det aktuelle scenarioet, og same kva, kan det vel neppe koste mykje å spela hjarter konge heller enn ein liten opp igjen?
 
Men det ligg no ein gong i bridgens natur at folk gjer feil, og det er ingen tvil om at Ekrens variant baud på den beste sjansen for å vinne denne tilsynelatande daudfødde utgangen.
 
Bergen Akademiske vann kampen 93–85, etter å ha lege under 59–52 etter fyrste halvrunde. Litt av ein IMP-produksjon!
 
Så vart det altså Bergen som òg vann finalen, etter at Sunndalsøra hadde leia lenge. På vinnarlaget spela Thomas Charlsen–Christian Bakke og Bjørn Olav Ekren–Ole Arild Berset, medan sylvmedaljørane frå Sunndalsøra heiter Roar Voll–Ulf Håkon Tundal og Rogeir Paulsen–Jan Roger Strømsvåg. Studentenes BK tok bronse; på dette laget spela Håkon Kippe–Kristoffer Hegge, Tor Eivind Grude–Lars Arthur Johansen og Petter Eide–Sverre Johan Aal. Vi gratulerer. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger